mandag 28. januar 2013

Dette huset, denne salen. -som er bygd opp på rammene om fellesskap og møter.

Lappeteppa heng klar til basar, det er laurdag ettermiddag. Og Linn og eg har fyrt sidan fredag ettermiddag.
Det er varmt og godt. Det er kaker og levande lys.

Dette huset, denne salen. -som er bygd opp på rammene om fellesskap og møter.
Så viktig.

I kjellaren var det lyktemakeri.
Ein bukett av verdas finaste kom.

Gleda er så tydeleg. Utan filter.
Rett på.
Vidunderlig.

Desse blei laga. Så vakre. Fin rytmisk 4-klassing tromma buketten opp i eit mørklagt lokale.
Så skjørt,
så vakker.

Tusen takk for ein vidunderlig laurdags ettermiddag.

1 kommentar: