fredag 11. januar 2013

Årets saga: 2012

April var litt sånn:
*Malvin som var komen,  liten og veldig sterk. Fekk ny strikkejakke.
*i overgongen mellom mars og april opplevde eg Italia
*eg blei teikna portrett av, av ein venn
*Anno og eg besøkte Oskar for fyrste gong, mitt søskenbarn sitt barn
*Me budde i leilighet på Nattland, kjente på fellesskap sin styrke i mellom tuna der.
Inviterte i dette studievenner på prosecco og ta-med mat. Var fint og godt.
*Kjersti og hennar fine gjeng kom. Dei er tilstades, og gjer godt.
*Linn og eg arrangerar Påskeeggjakt for barn i fjorden her, det var traktorkjøring, eggleiting og felles måleri. Det var ein godt dag. Også sjølvsagt utlodding, handlaga premiar frå bygdefolk.
*Resten av påsken nyt me tid med bålbrenning, målar på egg i det fri, reiser til fjells utan ski -for å sitja i solveggen. Sola kom ikkje, me drakk kakao og reiste fort heim til vedfyring.
*Var i barndomsheimen, henta Anna Margrete heim til leiligheten. Ho var på ferie. Jørund planta epletre i hagen der.
*Hadde fin samtale om kjærleik, med ei veldig fin ei. Ho skriv postkort.
*Frisørtime og veldig fornøyd.
*Anno var vakker heile april.

1 kommentar: