onsdag 20. april 2011

*kjærleik+servering*

Våren varmar,
har planta ranuklar i potter på kjøkendisken,
fyller timar med gode mennesker,
mennesker som så ofta kjeme i par.
kjærleik + servering

søndag 10. april 2011

*mitt oransje kjøken + barbeint heile året*

Kokeboka til Camila Jensen om bønner og linser,
inspirerar til det orange.
Det har vore så gode timar i heimen i helgo.
Så mykje varme, så mykje latter!

Ho går sjumilssteg.
Me går barbeint heile året.


torsdag 7. april 2011

*Ho bur i by*

Det er komen ein ny jenta inn i vår sirkel.
Ho heiter Fiola.
Ho bur i by.
Anna og eg kjører bil til by,
me skravlar i form av lydar,
lyttar til musikk
og gler oss over å vera på vei.
Det ventar varme og levande lys.
Det er godt å sjå ut vindauga.
Me elskar mennesker.
Anna og eg.
Me et pizza.
Om morgonen spring me ut dørene,
Anna elskar at eg spring med vogna.
Nå spring me med vognene mot buss.
Det er kafefrukost med frukostdessert som ventar.
Anna elskar også å sjå på alle menneska i byen,
og på bilane utanfor vindauga i heimen me bur i.
Ho lagar då dei finaste lydane.
Eg vil berre knepa ho,
av fryd som kjem for at eg elskar ho!
Jentene, dei vakraste.
Veninner håpar/må dei bli!
Det er same skilnad i månadar på jentene her,
som på mammene.
Me er heldige. For Fiola og Anna.
-for all varmen som kjem.