onsdag 31. mars 2010

*


I og M bur i bygda her.
Dei er smarte, vakre og tøffe.

Foto:mitt

tirsdag 30. mars 2010

Påske.


Ventetid
Det er påske og eg ventar, stundo nyt eg det -stundo blir det for mykje venting.
5 veker.
I dag har eg vore på jentelunsj på nabogarden, nybaka horn og gode mennesker.
Heimatt i snø med lette steg.

Foto: mitt

tirsdag 23. mars 2010



Eg reiser på ein liten ferie til heimbygdo
Foto: mitt

mandag 22. mars 2010

*helg

*smoothie, bok og kort frå Hawaii (sendt av eit veldig fint menneske, ei som eg gler meg til å drikka rosévin med bobler av høge glas i lag med, medann me små dansar barbeint i grønt gras. Våren kjem nå her vest.) på sengo laurdag morgon.
*Blomar frå gode hender på fredag! Det varmar!
Ferskt brød og kaffi i lag.
*Lagar graut inspirert etter besto. Den guleblometalerken er ei gåva mammo og pappaen fekk til bryllupet sitt i 21 des 1975. -nå er den her på garden, I LIKE!

lørdag 20. mars 2010

Fryd

For ein månads tid sidan, var eg så heldig å få fotografera denna litle fine krabaten.
Det er litt magisk å komma inn i ein heim kor det bur eit lite menneske, kjenner det på lukta med ein gong ein stig inn. Ei søt mjuk lukt kjem i mot ein.

Mammo hadde baka rundstykke og brownies, tatt opp heimalaga eplasaft frå frysen og sola kom inn vindauga. Det var ein måndag, ein veldig god måndag.

fredag 19. mars 2010

kontrastar

Polaroidbilda er frå serien: Lyder Sagens (mars09). Eg budde i Bergen, i eit rom, eit polaroid kvar dag i ein mnd. Nå, mars10, hus på gard, baby i magen og sambuar. Fine kontrastar!

"In A House"





Eit kunstprosjekt som eg er ein del av,
i lag med flotte jenter.

Me har til nå hatt utstillingane:
"I eit hus" på Jåstad, Hardanger
"I et hjem" Nordregate 13, Oslo


torsdag 18. mars 2010

7 veker att!

Maler fingernegla blå,
lyttar til Rockettothesky og ventar på noko heilt nytt.
Kjenner meg heldig!

Ho er eit av dei finaste menneska eg kjenner.


Besto mi.
Ho bur på ein gard på ei øy, ho serverar frukt til dessert med mjelk rett frå tanken. Ho dingalar med beino når ho sit, ho har stor dyna kor det er plass til fleire, i helgo var mine timar hos ho.

tirsdag 16. mars 2010

16.03.10


Hipp Hurra for Frida som er bursdagsjenta!
Hipp Hurra for bloggen min!