Nødvendig og nydeleg Linn,
mi gode veninne Linn.
Mamma til Nora og Olav.
Nora og Olav som du kanskje har møtt er her inne på bloggen tidlegare:
som her.
Samen drog Linn og eg i hop eit påskeprosjekt,
som blei stor suksess.
Påskeeggjakt for barn,
kor barna blei kjørt ut i bygda i hengar på traktor, til ein frukthage kor trea er mange og fjellet står høgt.
Egg blei jakta på i duskregn og traktordrønn og ivrigge små og store barneføtter. Etter velukka påskeeggjakt bar det tilbake i grendahuset for utloddning, sal av heimebakst og saft. Og danning av eit stort fellesmåleri,
det var magisk å sjå kor ivrig, konsentrert og fokusert skaperane av måleriet var.
Prosessen gjekk frå å vera figurativ til å bli abstrakt.
Måleriet bere titelen: I lag.
47 barn deltok på arrangementet!
Linn og eg glade.
Etter opprydding, opna me champangeflaska og fniste og dansa oss inn i påsken.
Medan dei aller vakraste var i svevnen.
Det ligg ei stor drivkraft i meg,
for barna,
-og opplevinga
og oppdaginga
som ligg i
kunsten.
Har du noko som gir deg stor drivkraft? |