mandag 16. april 2012

For dei aller vakraste.

Nødvendig og nydeleg Linn,
mi gode veninne Linn.
Mamma til Nora og Olav.
Nora og Olav som du kanskje har møtt er her inne på bloggen tidlegare:
som her.
Samen drog Linn og eg i hop eit påskeprosjekt,
som blei stor suksess.
Påskeeggjakt for barn,
 kor barna blei kjørt ut i bygda i hengar på traktor, til ein frukthage kor trea er mange og fjellet står høgt.
Egg blei jakta på i duskregn og traktordrønn og ivrigge små og store barneføtter. Etter velukka påskeeggjakt bar det tilbake i grendahuset for utloddning, sal av heimebakst og saft. Og danning av eit stort fellesmåleri,
det var magisk å sjå kor ivrig, konsentrert og fokusert skaperane av måleriet var.
 Prosessen gjekk frå å vera figurativ til å bli abstrakt.
Måleriet bere titelen: I lag.
47 barn deltok på arrangementet!
Linn og eg glade.
Etter opprydding, opna me champangeflaska og fniste og dansa  oss inn i påsken.
Medan dei aller vakraste var i svevnen.

Det ligg ei stor drivkraft i meg,
for barna,
-og opplevinga
og oppdaginga
som ligg i
kunsten.

Har du noko som gir deg stor drivkraft?
   

1 kommentar:

  1. Det hørtes ut som et veldig flott prosjekt!! Gode opplevelser er en sentral drivkraft her. Det kan være en god bok, å synge sammen, eller å se en forestilling eller en utstilling. Det kan også være å kline med maling rundt stuebordet. Eller en tur.

    SvarSlett