søndag 30. desember 2012

Lag lanterner. Brenn stille lys.

Nå i slutten av desember blei eg invitert med til å sove i lavo.
Det var ei veldig spesielt natt,
høyre knitringa frå gruva,
kjenne på krafta i kulden frå desembernatta,
kjenne på krafta av kroppen sin varme utstråling.
Oppleve fint menneske fyre gruva, for så å lage havregraut
til frukost

Etter frukost kom barnetrinnet frå skulen vår
med lanterner i tog
for grilling og hygge.

Dei kom med nissehuer og raudekinn,
så glade og klare til ferie.
Dei kom med lanternene sine,
som også kan symbolisera deira og våre indre lys.
I fravær av sol, treng me meir enn andre månadar,
lys frå kvarandre.
Så vakre. så skjøre.

Lag lanterner. Brenn stille lys.
Gi ein klem.

God nytt år fine fine leserar!

Kyss på kinn,
Elisabeth

lørdag 29. desember 2012


  Ella


fredag 28. desember 2012

Kjenne at ein er venta.

Dette er ein fin gjeng,
ein av dei finaste me veit.
Venner er noko av det beste!

Det gjer godt å høyra deira stemmer i lag,
så deira rørsler i samme rom.
Kjenne på det å vera i lag.

Kjenne at ein er venta
vera i det som er
i lag

torsdag 27. desember 2012

Jul i barndomsheimen.

Det er sjølvaste julakvelden!
Anna Margrete får eventyrkappe hos oldebesto,
den gjer at ho flyr endo høgare,

Me pyntar oss,
 for kvarandre,
for jesusbarnet,
for sola som kjem nærmare.

Et i stova
og det er veldig stas

seinare kjem gåvene

og kaffien,
som kjem til å bli servert i mi farmor sitt finaste servise

Det er så veldig veldig mykje som er godt,
i min barndomsheim.

Tusen takk for så mange gode og varme kommentarar som er komt til her inne.
Dei varmar alle samman.

Eg håpar du har gode romjulsdagar,
at du er der du ynskje.
Utanpå og inni.

Varmt,
Elisabeth

mandag 24. desember 2012

Ynskje deg juleglede.

Årets julakort.
Nissejento vår,
ho klemmer det raude eple tett inn til hjarta.
Me klemmer også varme i mellom menneske tett inntil
og inn i hjarta.

Ynskje deg juleglede!

lørdag 22. desember 2012

Julastemningar frå garden vår

Pakker inn gåvene sjølv,
sånn eg synes er fint.

Drikk te av dei finaste koppane.
Julate.

Det er storm ute,
inne er det varmare.
Vinden drar i huset,
lagar lydar.

Tenkje på den som skal få gåva, når eg pakkar dei inn.
Det er ei fin stund.

Dette er eit epletre.
Det kan vera vanskeleg å sjå.
Nå er det lite teiken til liv.

Katten vår Annabella,
er liv.

Inne i huset,
er det teiken på høgtid.

Me lagar ei lita julafta,
for broren min og hans gjeng.
Ei fin stund. Viktig.

Gåver til og frå.
Det er spennande.

Også ventar me på mitt fyrste tantebarn,
heilt på skikkeleg.

Medann drikk me god kaffi og god te.

Og skriv julakort.


God jul fine fine folk!

onsdag 19. desember 2012

Lappeteppeprosjektet til Me hjertar grendahuset.

Lappeteppeprosjektet til Me hjertar grendahuset,
fekk inn heile 8 flotte, fargerike
og
ikkje minst varme lappeteppe.
Og veldig veldig fine.

Prosjektet er så vakkert.
Felleskapet.
 Samarbeidet.
 Det unike i kvar enkel lapp.
Så avhengig av kvarandre for å få det til å vekse.
Så avhengig av kvarandre for å vera ei bygd.

Prosjektet er framleis å finne på Hardanger folkemuseum, Utne.
Om du har høve:
ta turen dit!


mandag 17. desember 2012

-og det blir smaking på deig, før og etter steiking.

Olav og Nora kjem å bakar pepperkaker i lag med oss.

-og det blir smaking på deig,
før og etter steiking.
Me finn ut at pepperkakedeigen egnar seg godt,
både før og etter.
Så me knaskar.

Men det beste med det heile,
er å gjere noko i lag med menneske som betyr mykje.
-kjenne på kor det styrkar fellesskapet
og varmen i det som er.

fredag 14. desember 2012

Desemberdagar.

Desemberdagar.
Me lagar hytte av teppe.
Ho les med lyslykt på hovudet.
Opnar kalenderen om morgonen.
Til Anna frå mamma
Til Elisabeth frå mamma
-anna kvar dag, jentene gler seg begge to.

Anna Margrete er eit maibarn,
Eg er eit desemberbarn,

D E S E M B E R B A R N

Æ står og ser etter lys
æ står ved vinduet om morran
æ huske mora mi sto også sånn
og sa ho syns desember va så tung

Æ syns desember va lett
æ syns desember va ei lampe
æ gikk i skjæret fra en gyllen skjerm 
og gledde mæ urimelig te jul.

Desemberbarn æ leite etter dæ.
E du tatt av våren som de andre
Skal æ ikkje juble når det sner
Skal æ ikkje rope på dæ mer

Det står ei stjerne i nord
det kan umulig vær den samme 
som den vi hadde over huset da
æ gledde mæ urimelig te jul.

Kari Bremnes

Kjenner meg ultra heldig.
Mi bestaste Kjersti inviterar til helg på hotell.
Har det så godt,
i lag med ho.
Det er god motstand, lyttande rørsler og varmt blikk.

Bygdamiddag i samfunnshuset.
Timy er med, Timy er favoritt.
Strikkagenseren strikka mi tanta,
til mine dukker ein gong på 80-talet.
Nå er den tilbake i dagane,
fintfint.

Julelunsj. 

Også besøk av ei som også er to.
Det er noko heilt spesielt vakkert over dei som er to.


Har du gode desemberdagar?
Kva månad er din?

torsdag 13. desember 2012

Sankta Lucia

13 desember: Lucia-dagen.
Omtanke, nestekjærleik og om det å dela.

Me går i tre hus,
Anna og eg, med nybaka lussikattar.
Ho syng songen stille, så berre den som lyttar ekstra godt
kan høyre.

Det blir ei vakker vandring i frå hus til hus,
oss to
og kramsnø
i vinternatta.

Så takk desember for at du kom i år også!

Det er desember.
Det er mørkt, stille og veldig godt.
 Så takk desember for at du kom i år også!
I vindauga lyser kransen som symboliserar det "heile mennesket og krafta som kjem ut av det",
me fyrar med ved,
ved som er tre frå garden.
Ved som Jørund møysomeleg har pakka i sekkar som me att hentar den i.
Mykje god varme i ved.
Også har det vore besøk av m. a desse fine søskenbarne mine som er på bilete,
dei kom ein så god energi. -den blei i romma i fleire dagar.
Me gir jo også kraft til kvarandre.
Det er godt å kjenne på.

God desember godt folk.

torsdag 29. november 2012

.det er som alt treng kvile.

Denne stolen fekk litla jento som gåve, då ho kom her til oss.
Den var brukt av givaren sine døtre,
frå nabogarden.
Nå er den her hos oss,
Anna Margrete er svært glad i den.
Nå som kong vinter besøker oss i natta sine timar,
ligg denne skinnefellen i stolen.
-for all varme ull gir.

Også denne veka, satt eg litt aleine her.
Midt på dagen.
Det var godt også denne veka.
Kokebok og te.

Lufta er klar,
fjorden ligg stille.

Han driv også på med juletre,
eller jolatre som Jørund ville sagt.

.det er som alt treng kvile.

Og me lurar sjølvsagt på,
kven sine stover kjem dei til?
Kva songar kjem dei til å høyre?
Kva eventyr vil blir fortalt?




onsdag 28. november 2012

November

NovemberTre
 NovemberAnna

mandag 26. november 2012

Lanternegange og skumringstimen.





1. Inviterar til lanternegange etter gamal europeisk tradisjon,
og grilling i hagen i
 skumringstime.
Skumringstime er skifte mellom dag og kveld,
nå i denne årstida er denne timen så syneleg.
Så syneleg med det blå lyset som brer seg om oss.
Og skiftninga skjer så syneleg for oss.
Lyset som er blått, blir meir blått
for så å bli mørkt.
Det blei ein vakker ettermiddag i duskregn i lag med fine små og store folk.
2. Desse fine små folka kan synge songar og lage lanterner.
3. Lanternen til Anno og eg er komen på bordet,
i korthaldaren i varme frå telysa er det bilete av ein heilt ny fjording.
Han varmar seg,
 i lag med oss.

Det er alltid stor stas når det kjem nye inn her i bygda,
for me er ikkje så mange, så kvar og ein er veldig kjær.

Kva gjer du desse novemberdagane?