søndag 30. desember 2012

Lag lanterner. Brenn stille lys.

Nå i slutten av desember blei eg invitert med til å sove i lavo.
Det var ei veldig spesielt natt,
høyre knitringa frå gruva,
kjenne på krafta i kulden frå desembernatta,
kjenne på krafta av kroppen sin varme utstråling.
Oppleve fint menneske fyre gruva, for så å lage havregraut
til frukost

Etter frukost kom barnetrinnet frå skulen vår
med lanterner i tog
for grilling og hygge.

Dei kom med nissehuer og raudekinn,
så glade og klare til ferie.
Dei kom med lanternene sine,
som også kan symbolisera deira og våre indre lys.
I fravær av sol, treng me meir enn andre månadar,
lys frå kvarandre.
Så vakre. så skjøre.

Lag lanterner. Brenn stille lys.
Gi ein klem.

God nytt år fine fine leserar!

Kyss på kinn,
Elisabeth

2 kommentarer:

  1. Sikke nogle smukke lanterner - det ser hyggeligt ud(:

    - Kit

    SvarSlett
  2. Åh så koslig å sove i lavo! Det er sånn man kan gjøre, men svært sjelden gjør:) Finfine lanterner også, vi har laget noen lignende. Håper du har det godt med dine i 2013. Gleder meg til å følge deg i det nye året:)Klem mari

    SvarSlett