onsdag 25. juli 2012

Lappeteppe prosjektet.

Dette teppet er samarbeidprosjekt mellom Linn og eg,
ho strikka, eg hekla.
Me har ein teori om at slike prosjekt,
styrkar relasjonen mellom oss,
eller dei som deltek.
Så me har lika godt invitert bygdo til å hekle eller strikka lappetepper,
ein klubb eller ei gruppe = 1 stort eller lite lappeteppe.
Teppa vil bli utstilt i nov/des og så vil dei bli lodda ut.
-pengane skal vil gå til kulturarrangement for barn her i bygda.

I eit lappeteppe er kvar lapp viktig.
Kva lapp er unik og tek tid å lage.
Teppe kan bli brukt til å gi varme,
Teppe kan så bli lagt om ein,
-kven er det som varma då?
Er det varmen frå den som strikka/hekla det?
eller
varmen frå sjølve teppet?

Meir om dette prosjektet kjem seinare,
kanskje er du interessert i å vera med?
Ta kontakt her
eller på mail:

Elisabeth_emmerhoff@yahoo.no 

Dette teppet er til ei lita ny jenta,
som er komen til bygdo her.
Mammo hennar kjem heilt i frå Peru,
me er så stolte og glade
for at dei begge er kome her til.

GOD SOMMAR.

tirsdag 24. juli 2012

Søstre.








Det er alltid veldig spesielt å fotografera søstre,
for meg synes det ofte å ligge ein sterk energi i mellom dei:
av hemmelighetar, styrke og varme.

Detter er mine søskenbarn,
søstre,
det er høgsommar og me er på øy.
Kjenner meg heldig, som såg denne varmen som kom.

Tusen Takk for dei fine og gode kommentarane frå forje innlegg.
Det varma så godt!
-finingar-

torsdag 12. juli 2012

Ut på tur.

I dag går turen til København!


onsdag 11. juli 2012

Sommar på garden. Del 1.

Det har vore gode sommardagar på garden.
Me er så heldige som har fått ein heim som blir besøkt.

At det kjem mennesker til oss,
som me synes er himla gode

-til samtale og boble drikking

til fingermåling

også denne finingen har tatt turen, -for å bli.
Ho har fått namnet: Annabella

Sommarnatta har vist oss, nydeleg lys

i nydeleg selskap.
Mojito og høgt lesning frå bøkene til Ragnar Hovland

Kakeeting på strando,
og
JA! -me sym i fjorden, også under vatn.

Ein av mine favorittar laga dette,
med sine fingarar.

torsdag 5. juli 2012

Sommarvarme av det vakraste slag.



Sommarvarme av det vakraste slag.

onsdag 4. juli 2012

Det er eg glad for.



Det er sommar.
Sola kjem ikkje så ofte som me ynskjer.
Allikevel driv me på med ulike ting, det som fyrst og fremst gjer godt
- på eit eller anna vis.
Som her, inviterte nokon av dei finaste til vår hage.
Me laga blomakransar, sprang etter raske barneføttene
og det var latter.
Det er så godt å ha menneske rundt oss, som er nære.
Og opne,

Det er eg glad for.

Ka driv du på med?