mandag 27. juni 2011

Frukost.

Frukost,
er ein stor favoritt for meg.
Den er veldig viktig og det skal ligge kjærleik i den!
-om ikkje, så er den ikkje viktig lenger. Altså om kjærleiken blir fjerna! Sånn er det for meg.
Du og din frukost?
-fortel meg, eg blir glad.

Me er på laurdagstur langs fjorden, inne i ei vik fnn me dette fine huset, og me tre har ein avtale her, ein avtale om å eta pizza, laurdagspizza frå dette huset kor det blir servert steinovnsbaktpizza! Ultra stas! 



Det er litt som "åå dette skulle ein ikkje tru, ein forrykande fin plass med ein himla god pizza plutselig her inne i vika" Eg likar overaskelsar som dette. Uforventa og så uendelig fint!!
 Heia bygda, seier eg då!
Laurdagskveld og vin
Det blir søndag og sola kjem.
Ute måltid og  baking og tekstmelding om besøk frå hovudstaden i veka som kjem!
-min favorit poet! -kjem til gards. JiPPi.
Me finn kvar vår hatt, pakkar i korga og drikk kaffien i båt på fjorden. For så å komma heim att til familie besøk! 

Så kjem måndagen og det er også heilt greitt.

God god måndag godt folk!

lørdag 25. juni 2011

Ei vogn fulllasta av kjærleik!

Det er onsdag,
Anna og eg er på tur for å gå tur,
me har eit mål, der målet inneheld tre tøffe søte gutar
og ei som har heile sola i sitt navn.
Det er fint,
Me pitlar blomar til gjengen medann me går,
 me er begge glade og på veg.


Dei spring fort, oppover og framover og stundo litt tilbake.
Me er tre gutar og tre jenter som er på tur.
Guten med blå caps ville visa tunga på bildet,
så om du seg godt etter -kanskje du også er så heldig å få sjå ho?
-for eg veit ho er der.



Ei vogn fulllasta av kjærleik!
Ny rørte bringebær i skog, smakar uendelig godt.
Å vera i lag
er noko av det finaste!

fredag 24. juni 2011

Me har feira Jonsok!

Jonsokbruda og brudgomen som er nydelig, 
dei var ani kvarandre for fotografen, 
-før bildet som visar her. 
Men sjå, 
kor fint han lukka augo sine.
Det er duskregn og veldig fin jenta er på plass,
 med ein ring som har mista den fine steinen, i rosa.
Eg veit ho vurderte å kasta den,
ikkje lenger eige den,
gjer den til boss,
ringen
men ho må ha ombestemt seg for her ser me at ho ber den på sin venstre peikefinger.

Det er nå 8 tenner i hennar munn,
og han i blått er hennar venn.

Om du tippar rett, så eig du glaset med inhald.
prøver med på smakar frå tyrkia og kler meg i kjole og støvlar,
 me synes det smakar godt,
 han i olabuksa,
eg i kjole.
-du kan ha mynt med deg i lomma her-
venninepreik,
er ofte god preik!





torsdag 23. juni 2011

Ein bukett fininga i eng av blomar ca 4 km veg oppover frå fjorden♡

Ein bukett fininga i eng av blomar ca 4 km med veg oppover frå fjorden.



Det er rett og slett fantastisk å vera fotograf i møter som dette.

onsdag 22. juni 2011

Det er byen som har tre av mine år i seg.

Me inviterte to finingar inn på rommet
før ein betre middag i kvithusa fin by.
Me kjente vinden i håret
og store smil som klistra seg fast.
Det var godt, det var det me trengte.

Det er byen som har tre av mine år i seg,
det er byen som viste meg
studentliv og fotografi og vin på ein onsdag.
Me feira eit godt menneske medann me var i byen.
Me kom heimatt og eg har drukket kaffi på trappa i sol.

God Sommar! -for nå er den.

fredag 17. juni 2011

kanskje snakke om dette store livet og bli betre kjent.

Dette er ei gåve!
 -frå ei som eg gler meg til å  sitja ein sein kveld i lag med.
 kanskje snakke om dette store livet

 og bli betre kjent. 

Anna i sommartanker.

Me er på veg til by, det er godt å vera i rørsle i dag kjenner eg.

Di helg?

torsdag 16. juni 2011

1. Nokon ventar bilder i posten



dette kjem frå gårsdagen, kvardag, god kvardag.
1. Nokon ventar bilder i posten
2. Blomar som retunerar til jord, vakkert.
3. Havregraut av h-mjølk med kanel utan sukker, Anna elskar det.

Sommaren er her i dag også, torsdag. Ventar besøk,
 har kjole på.

Ynskjer deg ein god dag!
Fine du.

onsdag 15. juni 2011

*Barnefotografering*

Heldige eg, som er fotograf!
 Denne herlige guten har vore på til gards å blitt fotografert!
Det er rett og slett vidunderligt å få besøk av så nye perfekte småtassar.


Om du ynskjer fotografering.
Ta kontakt!
Eg kjem også heim til deg, for familie- barn, bryllup, gravid, selskap,
ja-rett og slett det du treng fotografering til.


*det er uteliv og det er som om lyse slepp til i dei mørkaste krokane i meg*


Det er den store sommardagen, det er måndag som er søndag, det er uteliv og det er som om lyse slepp til i dei mørkaste krokane i meg, me får besøk av to jenter, som er gode og som me nesten ikkje kan snakka med, sidan me ikkje kan same språk i form av ord, men kroppen snakkar også veldig tydeleg.




















Me grillar og bakar, badar i basseng, sjekkar Anna sin farfar sin tomatavling og til kake kjem nytt fint besøk.




Det er ein sånn dag som blir lagt i minnebanken, for å ta fram att når alt virkar stengt.

Kva legg du i minnebanken?

tirsdag 14. juni 2011

*Det har vore helg*

Her bur Linn,
Linn er fin
og
fantastisk å drikke
chablis i lag med
i sommarnatta.

Det har vore helg, det har vore godt, og det har vore sommanatt og ein sommardag med stor sol og overnattingbesøk og grilling og latter og besto sine strikkesokkar.
Ane Brun oppatt og oppatt, ho drar i meg.

mandag 13. juni 2011

*løyndommar + sommar + veninner*



løyndommar + sommar + veninner