fredag 10. juni 2011

*Etterpå tar ho seg litt grasløk, sånn til dessert*

Det er søndag og sommaren kom på besøk.
Det er dagen han har fri. Me er i lag.
Det er dagen over alle dagar,
for oss tre.
Sommaren kom og Anna fekk halda og eta sin fyrste is.
Ho lukkar augo og nyt.
Det er det finaste eg har sett på lenge.
Ho sit på fanget med og mysar litt igjennom isetinga.
Etterpå tar ho seg litt grasløk,
sånn til dessert.


3 kommentarer:

  1. Herlig! Gleder meg til bloggen din kvar dag :)

    SvarSlett
  2. åå så kjem melding å få Siri! God laurdag til deg.

    SvarSlett