lørdag 25. juni 2011

Ei vogn fulllasta av kjærleik!

Det er onsdag,
Anna og eg er på tur for å gå tur,
me har eit mål, der målet inneheld tre tøffe søte gutar
og ei som har heile sola i sitt navn.
Det er fint,
Me pitlar blomar til gjengen medann me går,
 me er begge glade og på veg.


Dei spring fort, oppover og framover og stundo litt tilbake.
Me er tre gutar og tre jenter som er på tur.
Guten med blå caps ville visa tunga på bildet,
så om du seg godt etter -kanskje du også er så heldig å få sjå ho?
-for eg veit ho er der.



Ei vogn fulllasta av kjærleik!
Ny rørte bringebær i skog, smakar uendelig godt.
Å vera i lag
er noko av det finaste!

1 kommentar:

  1. For en rørende nydelig bukett, akkurat sånn er midtsommersbukettene! Får meg til å lengte litt ut av byen. Og så fin utflukt, nydelige barn.

    SvarSlett