onsdag 30. april 2014

Kvardag.

Oppvaskklutar har blitt til den siste tida.
Til basar og andre fine folk.
Strikkar dei med tre tråar og pinne nummer 7,
så det går raskt.

Blåbærsmoothie toppa med kokoschips.

Har du ei god oppskrift på grøn smoothie å dele med meg?

tirsdag 29. april 2014

Det er nå bløming her i fjordlandskapet.

Det er nå bløming her i fjordlandskapet.
Me vaknar opp dag etter dag til fint vér,
det gjer godt.
Vårt utsyn til fjorden liknar svært mykje det kjende måleriet til Tidemand og Gude "Brudeferden i Hardanger".
Ein gong på 80-talet sprengte Vegvesenet seg fram langs fjordsida her,
og øydelag det som var av svaberg og strandlinjer. Det hadde nok ikkje blitt gjort på denne måten nå i dag.
Tenkje ofte på, korleis det var muleg.
Å tenkje så lite på å ta vare på noko så vakkert,
og heilt umogeleg å gjere godt att.
At det kjem nokon etter. 
Her i dette huset bur me.
Dette er vår heim.


onsdag 23. april 2014

-det var fint det.

"Om du smile til han,
så kjem han til å smila til deg"
Anna Margrete om litlebroren sin Alfred.

-det var fint det.

tirsdag 22. april 2014

-for det var gode fargar inne i denne påsken.






Påsken kom med stor sol. Og den solo varma inni og utanpå.
Tenk nå er den her.
Våren.
Lyset. Fuglane. Blomane.

Desse små augneblikka her,
er noko av det eg tar med meg vidare.
-for det var gode fargar inne i denne påsken.
Ein slags varme låg tett utpå den,
som fort smitta av og det gjorde så godt.

Glad og takknemleg.

fredag 11. april 2014

Nytt strikk i ny lito stova.

Nytt strikk i ny lito stova.
Hua er etter mønster frå den fine bloggen Rare Rusk.
-den er til ei fin lito veninna

Denne genseren skal få legge sin varme om Alfred vår.
-dette strikkeprosjektet starta eg på då han framleis låg inne inne i magen og varma seg.

Eg er ei typisk fleire prosjekt på gong jenta.
-om noko kjedar meg,
tar eg ein pause og startar på nok anna.
-men eg avsluttar så og sei alle prosjekt.

Korleis driv du dine prosjket fram?

torsdag 10. april 2014

Velkomen Vår! Me trur me elskar deg.





Velkomen Vår!
Me trur me elskar deg.

mandag 7. april 2014

Klart til nye måltider jordkaker, løvetannpaiar og kløversaft.

Det er ikkje tvil,
våren er her.
Det var onsdag og hytta måtte ryddast.

ivrige små nevar

det er framleis morgon, om me har heile dagen på oss.
Til å rydde, til å vera i lag.
Venner og søskenbarns barn.
Fint på mange måtar.

Klart til nye måltider jordkaker, løvetannpaiar og kløversaft.
Kjenner eg gler meg.

Velkomen lys,
velkomen fargar.

torsdag 3. april 2014

.



onsdag 2. april 2014

Sånn kan eit bilde på ei typisk god vårstund sjå ut.

Denne finingen tok turen til oss i dag.
Han kom med stort smil, mammo si og den finaste strikka genseren med pusekattar på.
Det er noko med strikkekler som gjer meg øm om hjarta,
-det er som om det ligg eit ekstra lag med kjærleik utpå barnet.
Som beskyttar.

Me måla på fuglekassar som blei laga på husflidslaget sin påskeverksatd i går kveld.
Ei så god vårstund.

Fargekobinasjonar og tankar om stort og smått
-går samtalen i.
-litt tull og tøys er det ofte rom for.

Hardingar som likar eple
og som sjølvsagt er veldig
fine,

Sånn kan eit bilde på ei typisk god vårstund sjå ut.

Har du vore i ei typisk god vårstund i dag?