torsdag 29. november 2012

.det er som alt treng kvile.

Denne stolen fekk litla jento som gåve, då ho kom her til oss.
Den var brukt av givaren sine døtre,
frå nabogarden.
Nå er den her hos oss,
Anna Margrete er svært glad i den.
Nå som kong vinter besøker oss i natta sine timar,
ligg denne skinnefellen i stolen.
-for all varme ull gir.

Også denne veka, satt eg litt aleine her.
Midt på dagen.
Det var godt også denne veka.
Kokebok og te.

Lufta er klar,
fjorden ligg stille.

Han driv også på med juletre,
eller jolatre som Jørund ville sagt.

.det er som alt treng kvile.

Og me lurar sjølvsagt på,
kven sine stover kjem dei til?
Kva songar kjem dei til å høyre?
Kva eventyr vil blir fortalt?




1 kommentar:

  1. Så fine bilder!
    Den stolen kunne jeg gjerne ha lest en bok eller fem i :)
    Ønsker deg en super helg imorgen!

    Klem Kristin

    SvarSlett