Stundom er det noko som må bli til, som må få sin plass. Sjølv om det kjennes som om det ikkje har fått sitt språk, at språket til det som burde ta sin plass enda ikkje er blitt forma. Er det fyrst når det blir uttrykt på ein eller anna måte, at det er. Her.
Det er iallefall sånn, at det finnes venskap som gir rom. Venskap som er så store at dei har kraft til å utvide. Venskap som opnar opp, istaden for å stenge att. Og i denne styrken er det er plass til orda, dei orda som nesten blir kasta ut av ein, på grunn av fysisk smerte som kjem av andre sine ord. At desse orda får ein tungde, at denne samtalen får leve. At det er rom, for orda og den heile andre.
Med dette så heiar eg på det modige menneske! Som tar sats og går inn i møtet med den heile andre. 100% menneske. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar