lørdag 24. november 2012

Ingrid Marie heiter desse epla.

Ingrid Marie heiter desse epla,
det er ein av mine favorittar.
Vintereple.
Dei kan lagrast til jul og framleis ha den gode smaken i seg.
Også så fin farge.

Anna Margrete vel også fargar,
ho vel også fort pusen hennar Annabella.

Denne lunsjen var min,
og det var heilt stille i huset.
Det var ei veldig fin stund.


God laurdag gode lesar!
I dag er det opning på lappeteppeprosjektet,
heile 8 flotte fargerike lappeteppe er blitt til i dette prosjektet.
I dag er dei å oppleve på Hardanger folkemuseum frå kl 1430 i kafeen,
men også i museet si opningstid ut året.

Velkommen er du,
sjølvsagt!

1 kommentar: