Juni 2012 var litt sånn:
*fargane er tydlegare, inne og ute
*Skålar meg inn som nyutdanna Pedagog. Fantastisk kveld med svært flotte mennesker. For eit år, det blei ei svært viktig reisa!
*me inviterar til nybakte boller i hagen, fine gjester kjem
*strikkar jakke til ei jente med sol i navnet
*førebur min gode pappa sine vakre 60 år
*Reiser til øy, kjenner på varme frå familie. Blir glad og stolt.
*Har klubb, me er ein gjeng jenter som møtes til mat og hygge, det er nå sommar. Og gjestene kjem i sommarkjole. Det blir ei så flott kveld. -for songar blir sunget, dikt blir lest og natta blir morgon.
*Linn og eg lagar ferdig teppet til Julia Marie, -dette teppet som er startskuddet til Lappeteppeprosjektet.
*Anna er i lag med søskenbarna sine, og det er noko av det beste ho veit.
*Inviterar fine folk på lunsj med sitronterte til dessert.
*Anna var vakker heile juni |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar