torsdag 17. januar 2013

Basar: lappeteppeprosjektet

Basar: Lappeteppeprosjektet
laurdag 26 januar kl 15 - 17
i det fine grendahuset på Jåstad.
Me er så heldige å ha eit grendahus i bygda her,
det er ein kulturskatt.
Salen er akkurat som ein grendahus sal skal vera,
med tregolv og smijernsomn og ei lita fin scene.
Tenkje når eg er i dette rommet, at eg er ein del av noko større.
At det ligg ein tradisjon og eit møte som er så viktig her inne.
Jepp, me er heldige!
Nå blir det basar i dette fine rommet,
med lyktemakeri for dei små finaste.
Lappeteppa som skal loddast ut, er laga av menneske som bur langs fjordsida her vest
desse teppe er også skattar. Så vakre, så fine, med så mange lag av verdiar ogsamansetningar av menneske.
Er du i nærleiken ta turen innom,
DU er velkommen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar