søndag 10. november 2013

24-timars ferie anbefalar eg på det varmaste.

Sist helg var me på ein 24-timars ferie,
huset me budde i var over 100 år,
høgt under taket og frittgåande sauer utanfor,
og strikkasokkar inne.

Å komme til varmt hus,
bli servert var betasuppe,
-er eit stykke god lykke.

Me veks i lag,
det heilt nye inne i meg
og det som er mitt.
Det er mange måtar å vise på at ein er glad.
Hoppe i senga er ein.


Hekle på senga er ein anna,
i morgonlys med tekopp på nattbordet.
Også var det fest,
for ein ny liten diamant.
Me pynta oss i finstasen,
så glade for å vera invitert for å feira ein så fin liten gut.

24-timars ferie anbefalar eg på det varmaste.

God søndag godt folk.


2 kommentarer:

  1. For ein vakker mage! Gratulera!

    SvarSlett
  2. Å, så herlig! Det såg ut som ein god plass å vere, heldig dokke :-) Klem

    SvarSlett