mandag 25. november 2013

Dekkar du ditt bord?

Kvardagsmiddag. Prøver alltid å dekke bordet litt fint, tenne lys.
Prøve å gjere det til ei fin samling av oss tre, snart fira.
Dette er noko som eg har med meg i ryggsekken frå mamma mi.
Ho steller i stand så gode bord å komme til, tenner lys og har aldri panna på bordet. -det kan eg ha, men ikkje ofte. Maten fortener å komme i eigen skål, men så er det oppvasken.
Av og til vinn: mindre oppvask.
Dette er noko eg proiriterar, me som familie har ikkje faste aktivitetar meir enn ein dag i veka.
Det er nett passeleg, så godt å veta at ettermiddagen har tid.

Også kjem helgene, her har Anna Margrete laga frukostselskap til dukka Lisa og seg sjølv.
Rigar seg til, pyntar og utforskar maten.

Fint. Ho likar også å gjere bordet fint før måltid.

Eplesaft frå eigen gard. Svært lite kan måle seg med det.
Sjølv om suget etter å fylle munnen med kraftig raudvin i lag med veninner tikkar innom tankerekka mi,
sånn av og til.


Dekkar du ditt bord?


1 kommentar:

  1. Fine bilder :) eg dekker alltid bordet, er opptatt av å ha det koselig både til kvardags og fest, tente lys og serviettar høyrer med. Vi er berre to i familia, men sjølv når eg budde åleine dekte eg fint på. Så uansett kor mange ein er, om det er kvardag eller fest, for min del er det naturlig å dekke bord uansett :)

    SvarSlett