søndag 4. mai 2014

Håpar eg aldri gløymer det, at eg treng andre for å sjå betre.

Ofte tenke på kor ubegripeleg det er,
at denne litle karen er her hos oss.

Små nevar kjem ofte med blomar til meg,
det er så mange fargar ute nå.
-tenkje at me blir lettare i oss sjølv med alt dette lyset,
og det store spekteret i fargenyansar

På fjernsynet såg eg ein dokumentar med ei samisk kvinne,
kom midt inne i programmet, utan å veta så mykje om kven og kva.
Det var så fint, ho var så reflektert i sine svar,
etter det var slutt skreiv eg dette ned:

"toleranse kjem gjennom erfaringar med andre"

Håpar eg aldri gløymer det,
at eg treng andre for å sjå betre.

1 kommentar:

  1. Så fine bilder og fine ord, maten ser alltid så innbydande og god ut her hjå deg :)

    SvarSlett