onsdag 12. mars 2014

-litt frå våre dagar sånn i byrjing av mars.

Dette fine teppe varmar Alfred.
Det er ei gåve frå Folgefonn husflidslag.
Ei veldig fin gåve.

Til middag er det alltid salat eller grønsaker.
Akkurat nå: meir salat, det er som om krafta byrja å komme tilbake.

Inviterar på frukostkake.
Det er laurdag og 8. mars.

Desse er stor favoritt innan strikkinga for tida.
Det er noko barnsleg og eventyrleg over dei.
JA -til kler som innbyr til fantasi og leik.

-mønster frå den fine bloggen Rare Rusk

JA! - til lyset som kjem

Øver seg på å halde oppe sit eige hovude,
å sjå han øve seg
vise vilje og mot
gjer meg mjuk og sår om hjarta
-det er så skjørt



-litt får våre dagar sånn i byrjing av mars.

1 kommentar:

  1. Nydelig teppe han har fått.
    Søte luer.
    Folgefonna ja lenge sio eg har sett ho nå, men kommer fra ei øy, og litt oppi høyden der så såg eg fonno.
    Strikker "Rosendalsokker", nå.
    Ha ein fin vår, Klem,

    SvarSlett