fredag 19. april 2013

Ytre og indre.


Er av den typen som synes niste er viktig.
Som her: grove rundstykker med ost og salat.
eller grovskjeve med smør og brunost.
Svært skjeldan kjøtt. Det er nestså ikkje min ting, dette med kjøtt på skjeve.
-men det skjer untak sjølvsagt.
Også til dette måltidet drikk eg te med mjølk,
fyrst etter middag sluttar eg å tilsetje mjølk i te eller kaffi.
-då synes eg at det blir for rundt, at den mjuke mjølka ikkje passar inn.
Då er det dei litt klåre og tydlege smakane som er ynskja i høve varm drikk.
Kva med deg?


I dag ville min aller beste bessen vore 90 år,
han var alltid så tydeleg.
Han vil alltid halde handa mi
-sånn nokre minuttar før eller etter måltid,
når me framleis satt ved bordet.
Hugsa neven min i hans store sterke neve.
Denne sterke neven som også skreiv sirlege brev fylt med kjærleik.
-alltid brev på gebursdagen.
Mitt navn skrive med hans håndskrift utanpå konvolutten.

1 kommentar:

  1. jeg lever meg så inn i det du skriver, som om det var om meg, god med ord er du;-)
    Klem fra Inger

    SvarSlett