Er av den typen som synes niste er viktig.
Som her: grove rundstykker med ost og salat.
eller grovskjeve med smør og brunost.
Svært skjeldan kjøtt. Det er nestså ikkje min ting, dette med kjøtt på skjeve.
-men det skjer untak sjølvsagt.
Også til dette måltidet drikk eg te med mjølk,
fyrst etter middag sluttar eg å tilsetje mjølk i te eller kaffi.
-då synes eg at det blir for rundt, at den mjuke mjølka ikkje passar inn.
Då er det dei litt klåre og tydlege smakane som er ynskja i høve varm drikk.
Kva med deg?
I dag ville min aller beste bessen vore 90 år, han var alltid så tydeleg. Han vil alltid halde handa mi -sånn nokre minuttar før eller etter måltid, når me framleis satt ved bordet. Hugsa neven min i hans store sterke neve. Denne sterke neven som også skreiv sirlege brev fylt med kjærleik. -alltid brev på gebursdagen. Mitt navn skrive med hans håndskrift utanpå konvolutten. |
jeg lever meg så inn i det du skriver, som om det var om meg, god med ord er du;-)
SvarSlettKlem fra Inger