torsdag 13. september 2012

Som estetikar og bloggar, så slår eg eit slag for det gode bilete.

I ulike samenhengar har det i samtalen komt fram at det er
ein viss irritasjon
som er ganske sterk.
Denne irritasjonen
som er
er  på grunn av BollebakandeMedReineHusOgSolInnVindauge-bilete.
Bilete som er å finne her inne på nettet.
Kanskje også her hos meg. (?)
Denne irritasjonen er så stor,
at når ein føredragshaldar kom til  fjorden her,
-for å gi av sine erfaringar som pedagog og mamma.
Oppnådde ho sin einaste applaus utanom ved føredraget sin slutt,
då ho nemnde desse bileta.
-at det var liksom ikkje å bry seg med,
bak desse bileta var det også skrikande ungar,
oppvask og skitne do.

Som estetikar og bloggar,
så slår eg eit slag for
det gode bilete.
Nysteikte boller eller oppvask!
Berre ein såg noko som var
viktig!
Noko som var verd å fortelje om,
med fotografiet!

-for det er ikkje truande på mi rolla som mamma
eller mi rolla som bloggar.
For det er ein kunnskap som alltid ligg der:
Alle har oppvask,
 alle har kjensler.

Så gi meg nyvaskasengkler,
solboller
eller ein
mørk torsdagskveld med støv i krokane.

For det inspirerar meg,
rett og slett!


8 kommentarer:

  1. Elisabeth, dette blogginnlegget likar eg svært godt!! Klem frå Åse

    SvarSlett
  2. Så samd, så samd! Bileta dine inspirerer MEG:-)

    SvarSlett
  3. Takk! Er så enig. Inspirasjon er stikkordet. Fortsett som du gjør!

    SvarSlett
  4. Eg LIKAR og slår eit slag med deg ;)

    SvarSlett
  5. Så koselig blogg du har!! Glad jeg fant deg, har lagt meg til som følger og gleder meg til fortsettelsen :)
    Ta gjerne turen innom meg også, da blir jeg så glad ;)
    Ønsker deg en flott lørdag!
    Klem Camilla

    SvarSlett
  6. Jeg er helt enig! Bare inspirerende! Fortsett med det. :-)
    Hilsen Camilla :)

    SvarSlett