søndag 16. september 2012

Haust, eg diggar Deg!

Etter ein god laurdag i Kalvhagen,
blei dette rognebærhjerta med heim
Det er desse diamantane som bur i Kalvhagen.
Linn er mammo til desse diamantane.
Ho gir heimen eit preg av årstida.
Som skinnfella her,
og ei korg i gongen som viser alle dei flotte heimastrikka gensarane deira.
-dette inspirerar.
 At naturen spelar så stor rolle, at også inne skjer skiftningar.


Denne kransen møter ved vår dør.
Det er veldig fin.

Anna likar å skifte imellom aktivitetar.
Den andre jenta på bilete, er meg.
Eg heiter Elisabeth.
Eg er 31 år.

Her i fjorden, er det denne heimen, utanom vår eigen, me tilbringer mest tid.

Denne laurdagen er med hausten sin ankomst i fokus.
Me hadde rognebær som eit lite tema.
For Linn og eg prøver i lag å leve nærare årstida.
Så stort velkomen Haust!
Personleg diggar deg faktisk!

Anna diggar tutling med små små ting,
så ho var i det.
-eg tenkjer at dette også gir ro
og kanskje ein slags balanse.

Tusen takk for kommentarar på forje innlegg,
dei er viktige.

1 kommentar:

  1. Fin du er!
    Og jeg vil også ut å finne rognebær, må bare vente til "selskapet" kommer til verden og skal ligge i vogna si :)

    SvarSlett