tirsdag 22. mai 2012

Grytebrød

Grytebrød.
-har baka grytebrød i det siste,
fine og grove.
Det smakar utmerka og det er veldig enkelt,
treng berre litt planlegging.

Grytebrød
300 gr hvetemel
125 gr speltmel (eg vekslar her mellom fint og grovt)
3,5 dl vatn
0,5 ts tørrgjær
2 ts salt
Rør alt saman, til ein fuktig deig. La deigen heva under kjøkenhandkle i 12-24 timar.
Sett ovnen på 240 grader, med gryte med lokk under oppvarminga.
Slå deigen ut på kjøkenbenken, form deigen til eit rundt brød. La brødet kvila til ovnen er varm. Ta ut gryta, den er då svært varm, legg brødet oppi. Steik med lokk i 30 min, ta så av lokket og steik vidare i 15-20 min utan lokk.

Nyt så,
 nydeleg brød med hard skorpe til lunsj!


2 kommentarer:

  1. Yammi, dette så godt ut!!Takk for at du deler!

    så fin blogg du har, gleder meg til å lese mer her inne!

    SvarSlett
  2. Velkomen inn,
    så fint at du besøkar!

    Varmt,
    Elisabeth

    SvarSlett