mandag 12. mars 2012

Sein laurdagsfrukost:

Sein laurdagsfrukost:
1 kopp sterk svart te
1/2 glas druejuice
1skeve nøttebrød med brie og heimalaga jordbærsyltetøy
1/2 skeve nøttebrød med italiensk salat utan skinke ( utan skinke er viktig, eg er ikkje vegeterianar, men den med skinke tiltaler meg ikkje)

Denne frukosten blei ete på garden,
eg var aleine i huset.
Det var mykje seinare enn eg til vanleg et frukost,
og eg såg på tv og strikka
og der i rommet fløyt vårlyset,
det var stille, utan om tv som var lågt på, og det kjente ut
som om eg kunne ha vore der i
timar. At eg kunne ikkje få nok,
av tven, lyset og frukosten.

Men dagen kom, fort.

1 kommentar:

  1. Hei på deg.
    Sit i varme fuktige Singapore og lengtar heim til første vårtegn. Og å ha bukse, genser og sokkar i skoene.
    Så godt å besøke din verden på slike dagar!
    Du er så flink med stemningar og ord.
    Nyt våren!
    Stor klem frå Ingebjørg.

    SvarSlett