lørdag 13. august 2011

Ho er lik ein filmskodespelar.



Anna og eg reiser høgt opp med bil,
for å sjå fjorden me bur i,
for å stå høgt over å kjenne på den store vakre naturen her,
for å visa jento mi kor dagane hennar oftast er.
Der oppe i høgden over bygda, bur Lise,
Lise er vakker,
 slank,
 oppreist,
 djupe augo,
hår oppsatt i nakken.
Ho er lik ein filmskodespelar.
Anna og eg stikker innom Lise,
for å sei sommarhei,
for å sjå ho,
ho finn kake og kaffi,
det er varmt,
det er seinsommar og snart haust,
me sitt på ein benk av stein,
me snakkar om å komma til ein stad,
 om å ta sin plass,
om å vera seg sjølv.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar