onsdag 17. august 2011

Det er Under! Det er Magi! Sei Hei! -til Villemo 4 veker.

Det er Under!
Det er Magi!
Sei Hei! -til
Villemo 4 veker.

Ho er komt inn i ein sirkel kor det ligg
så
mykje varme,
så
mykje godt
så
mykje

kjærleik

Villemo, som er heilt ny
er mi Cecilie,
mitt søskenbarn Cecilie si dotter,
Villemo kjem til å vekse opp med ein latter som er så god at den drar i meg av glede,
for ingen kan le som mitt søskenbarn Cecilie.

I sirkelen av mennesker rundt Villemo finn du gode vakre Katrine,
som også er mitt søskenbarn,
fine jentene!
Me er så stolte så glad for Villemo og Cecilie!



Den finaste Villemo

som er så godt beskytta av mamma si.
♥




søndag 14. august 2011

Fine ting ein seinsommarlaurdag:

å sykle på fest og det er laurdag og seinsommar og
kvelden og natta er fri,
 og det er han og eg,
 saman,
 og me veit at Anna vår er  trygg 
å bli ønska velkomen av denne fine finingen!

å sjå desse fargane


og desse kjenslene
å veta at nokon har venta på deg, kanskje heile dagen
å vera velkomen og høyre trommespel
på sjølvlagde trommer
rundt eit bål
og det er fullmåne.



å vera i eit tun som har så mykje varme
å vera mett i magen på reker og bringebærkake og litt på ein vingalei

å vera i dette kjøkenet og klokka er 23:42
å ete kake etter 24:00



å drikke kaffi inne og ute
å vera gjest 



hos ei som viser meg

noko som er heilt nytt for meg,
-som trommereise

♥


lørdag 13. august 2011

Ho er lik ein filmskodespelar.



Anna og eg reiser høgt opp med bil,
for å sjå fjorden me bur i,
for å stå høgt over å kjenne på den store vakre naturen her,
for å visa jento mi kor dagane hennar oftast er.
Der oppe i høgden over bygda, bur Lise,
Lise er vakker,
 slank,
 oppreist,
 djupe augo,
hår oppsatt i nakken.
Ho er lik ein filmskodespelar.
Anna og eg stikker innom Lise,
for å sei sommarhei,
for å sjå ho,
ho finn kake og kaffi,
det er varmt,
det er seinsommar og snart haust,
me sitt på ein benk av stein,
me snakkar om å komma til ein stad,
 om å ta sin plass,
om å vera seg sjølv.


torsdag 11. august 2011

Eg likar kontrastar.







Eg likar kontrastar.
Tenkjer at eg treng dei,
for rørsle.



onsdag 10. august 2011

Ho er jenta med gullhåret seier me.

Ho er jenta med gullhåret seier me.
-det mjuka tjukka håret, så godt å lukte i så godt å kjenne på.


♡



tirsdag 9. august 2011

Det er godt å sjå mine sko, inne blandt desse skona.

å gå mot eit hus, kor det er ope og plass til det som er, når du kjem, er ein veldig god tur å gå



i mitt hus, det huset kor eg opplever plass og rom og tid, er hos mi Kjersti. Ho er datter av ein bakar og bakar sjølv boller som ein stad mellom 50-57gram, ho bit negler og trur på det gode heile menneske.
Ho er mamma til to gutar.
Her er ein av stjernegutane!





Han er fødd om vinteren og likar regn.
Her: tidleg sommardag


Det er godt å sjå mine sko, inne blandt desse skona.

♥

mandag 8. august 2011

å drikke vin i lag i små sup med utsyn over fjordlanskap som mørket fell over og det er tidleg i august







Det er lykke
-å ha besøk av god veninne frå studietida,
som har med seg sin fine familie,
 -å sjå at Anna og Jonas nyt kvarandre, att latteren ligg høgt
-å snakke om kunst og kjærleik
-å drikke vin i lag i små sup med utsyn over fjordlanskap som mørket fell over og det er tidleg i august
-å vera trøtte, men glade saman
-å vera stolte i lag, over å ha kver vår familie på tre og med så mykje godt i vente

Takk for at dåko kom!


onsdag 3. august 2011

*ettermiddag i sol*





Ettermiddag i sol
med godt og fint besøk!

♡