fredag 16. desember 2011

Velger å vise deg stemningar frå jula 2009 i min barndomsheim:


Velger å vise deg stemningar frå jula 2009 i min barndomsheim.
det har seg slik at eg er så heldig å ha ei mamma
som kan sine ting,
veldig veldig godt!


også når det kjem til Jul!
 Ho er eit desemberbarn,
eg blei fødd på hennar 25 års dag!

Dette året er eg gravid,
 Anna veks og varmar seg inne i meg
 og
sjølvaste nissen kjem innom.
Fotograferar han sjølvsagt,
han har glimt i auga!


Det er det året det kom så uendeleg mykje snø,
og stjerna lyste så fint i vindauga.

-og på senga venta nattkler og flanellsengkler.
-all kjærleiken

som kjem til meg inne i dette huset.
Er fantastisk å oppleve!
Mamma og pappa.

I barndomsbygda som er ei vik, finn eg også denne jenta!
Ho er blandt dei vakraste vakre!
du treff også denne fine jenta:  her og her og her

-og til slutt: året 2009 gav eg desse pakkane vekk,
i gleda.

God Jul Godt Folk!

Musikk: Home for Christmas -Maria Mena

torsdag 15. desember 2011

Det er MAGI!

Det er komme to heilt nye mennesker inn i vår sirkel! To veninner har fått barn nr to!!
Ein gut og ei jenta!
Det er eit under.
Det er MAGI!

Me gler oss i bøtter og spann til å møta dei heilt heilt nye.
2 dagar att.

onsdag 14. desember 2011

Venner + Jul = Stas

Her er Nora!
Nora har du helst på tidlegare.Her.
Då var det sommar. Her er det Jul!
Det er frå Jula i fjor.
Den feira me i lag med Nora og hennar familie.



Venner + Jul = Stas


Og det var Anna si aller fyrste Jul!
Det er godt å vera fleire.
I kvardagen,
i jula!
Sjølv er eg desmberbarn,
 og av den typen menneske som sett jula høgt!
Som prøver å gi og ta varmen frå meg og til meg,
istaden for å fokusera på at det blir for trangt eller kanskje tett.

Dei aller fleste av oss, har jo eit valg.


Eg håpar og trur at også denne jula,
blir
ei:

GOD JUL!


Likar du jul Kjære Lesar?

mandag 12. desember 2011

Anna likar Fiola spesielt godt.

Anna dansar og ventar på Fiola!
Fiola er ute,
ho kjem snart heim, til heimen kor Anna i dette bilde dansar.
Bildet er frå i går,
3. søndag i advent.
Anna og eg feira det
med fokus på venskap og kjærleik
i lag med Fiola og mamma Malene.
Fiola er 10 månadar.
Anna er 18 månadar.
Anna likar Fiola spesielt godt.

lørdag 10. desember 2011

Modige mennesker, er det beste eg veit!

Det er kveld, ute er det mørkt, og eg har fått oppleve eit svært modig menneske i gjennom tekst.
Ei som trur på å utrykke seg,
gi frå seg
 for å opne opp,
det som er

det vonde
det vakre
det grusome
det vanskelege
det gode

Modige mennesker,
er det beste eg veit!


God kveld godt folk!

fredag 9. desember 2011

Eivind er eit oktoberbarn og høgt elska.

Eivind er eit oktoberbarn og høgt elska.

Eivind er vakker og heilt

trygg i pappaen sine gode hender.


Me treng alle varme frå gode hender!

torsdag 8. desember 2011

Det er dagar som får meir verdi enn andre!

Det er dagar som får
 meir verdi enn andre,

som sit att og blir eit

viktigt minnesmerke.

Dagar som bør komme fram,
når mørket brer seg, inni meg.

Dette er nok den beste dagen for meg

i 2011, 2011 som nå er i desember.

Det er fantastisk å oppleve

så mykje kjærleik

frå mennesker

som er nokre av dei finaste

og vakraste eg
har i min sirkel.
Dette året blei min bursdagssong synget på 7 forskjellige språk, samstundes, av 8 personar!
 Det var magisk!
Kjenner meg ufattelig heldig!
For gode gode venner.

onsdag 7. desember 2011

Det har vore dagar med luksus!

Det har vore dagar med luksus! Og det har vore så ufatteleg godt!

-høyre og sjå storbyen frå vindauge,
storbyen som var heimen min i tre 3 år, det er godt å vende tilbake,
vende tilbake til gatene, til lydane, til det som er å sjå,
og det beste:
til venner

som er og bur i byen,  som forblir i mitt liv, varmt.
Det er rett og slett vidunderligt!

tirsdag 6. desember 2011

Den beste kvelden!

-den beste kvelden i dette året!
Det var min bursdag i ein loftsleilighet i lag med 7 nydelege mennesker i Brixton.
Det kjem meir, snart.
Nett no eksamenstid..

lørdag 26. november 2011

Du kjære lesar har ikkje blitt introdusert til min kjære bror!

Du kjære lesar har ikkje blit introdusert til min kjære bror!
Her er han, verdas finaste og beste bror (-for meg!)
Det er han og eg,
og det er akkuratt passe heilt super fint!

Desse fotografia tilhøyre ein midtsommarsdag,
kanskje den viktigaste for vår familie denne sommaren.

Bror Christian tok eit kjempe stort valg,
nå bur han på vestlandet att,
det er det mange år sidan.
Me feira det med bringebær med melis!
-og med besto sine varme gode strikkesokkar på beino.

Serie av bilder, alle med raudt i.

Har du ein storebror?


torsdag 24. november 2011

Ho er 89 år, og bøyer heile den slanke kroppen sin ut vindauga for å sei hadet.

Me har igjen tilbrakt timar på øy: i min pappa sitt barndomsrike
og mi ferie øy
og nå Annas.
Her står ho i si oldemor sit barndomshus, mi farmors barndomsheim,
 Anna si oldemor er ikkje lenger her,
men allikavel er ho her sjølvsagt,
som i stova her,
i stova som er hennar syster si nå,
her er ho,
 farmor over alt,
og det gjer godt.

Ho er 89 år,
 og bøyer heile den slanke kroppen sin ut vindauga for å sei hadet,
sei at ho blei så glad for besøket,
sei hade og
sjå oss gå,
ho vinka heilt til me var rundt svingen,
då kunne me ikkje sjå kvarandre lenger
Me kallar ho tante,
sjølv om det er tanta til pappa ho er,
ho er ein lidenskapleg amatørfotograf,
ho har eit arkiv med lysbilder som eg aldri før har sett maken til
eit av minne varmaste barndomsminne i frå øya her,
er når ho hadde framsyning av lysbilder i den litle gongen sin, ho
hadde då hengt opp kvit laken framføre døra inn til kjøkenet,
ho og eg på to kjøkenstolar med projeksjonsapparatet i mellom oss,
bilda, lyden, lukta
og ho ivrig med føttene i tøfler mot grønt gulvbelegg

Søskenbarnet mitt Anette Lida og Anna.


Anette Lida
 Lida - etter vår farmor,
-mange ho møter trur ho heiter Linda.
Anette har svart langt hår,
det mørke svarte håret
er sterkt i vår familie.
Eg likar det,  sjølv har eg det ikkje
det ligg så mykje i det,
i det mørke,
om forflyttning av mennesker
i form av reiser,
det mørke håret og den brune huden.




Resten av søndagen, blei Anna ufatteleg glad i min onkel, min fars einaste bror, ho ville berre vera i lag med han,
vera i lag med han og sjå på kattane, vera med kattane og sin gamleonkel (-eller granonkel, gamleonkel brukar me)
ho vinka meg hade, for her ville ho bli!
Det skjønna eg godt, for det var veldig godt å vera der.

God torsdag godt folk!