fredag 14. februar 2014

Fjernsyn eller ikkje: korleis vel du å runde av din dag?

Dette er ein stad i stova vår,
sit her når eg til dømes voggar litlebror,
-det likar han så god.
Kjenne varmen og rytmen til kvarandre,
kjenne rørsla i stolen, -
som tar oss med.

Kanskje drikk eg sitronte med honning.

Tenkje ofte eg skulle ha brukt stolen meir,
eller andre krokar i heimen.
Ikkje berre slenge meg nedpå sofaen med fjernsynet når kvelden favne om meg.
Dei kveldane eg vel fjernsynet vekk,
for ei god bok, heklet, teen, skriveriet og andre sysler som eg eigentleg likar så svært godt.
-kjenner eg på den gode kjensla når eg vel å vende meg inn i natta.
At det gjor noko med meg, at det var fint.
For det er fyrst etter eg flytta her til garden at fjernsynet kom inn i min heim,
etter eg flytta frå barndomsheimen til garden,
altså ti år. Ti år utan fjernsyn.

Sjølvsagt er det godt med fjernsynet av og til,
berre vera å sjå det som blir tilbyd,
har også nokre små favorittar.
-men så og sei aldri seriar utan avslutning same kveld,
det blir for mykje å binde seg til.
(skjønnar eigentleg ikkje kvifor eg kjenner det sånn, eg jo heime uansett,
men sånn er det iallefall -ingen seriar)
Allikevel vel eg fjernsynet svært ofte,
sånn i slutten,
som ei avrunding.

Nå tenkje eg at det er tid for ei endring.
Ikkje at fjernsynet skal ut,
men at det ikkje rundar av dagen så ofte.

Korleis er det med deg?
Kva vel du til avrunding for din dag?


4 kommentarer:

  1. Eg er så enig med deg, det er mykje betre å ta fram ei bok eller eit handarbeid. Eg fyl lite med på seriar, men er avhenhengig av å få meg meg nyhenda på tv. Men takk for påminninga om at det går an å klare seg utan tv også, av og til er stillheita god å ha også, rett og slett å tenke over korleis dagen har vore utan tv og andre lydar rundt seg. Ha ei fin helg vidare :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Du er så god på å svare. Det gjer meg glad. Det interesserar meg korleis me lever våre liv så ulikt og så likt. Også stillehet som du skriv, så viktig. -så enkel å gløyme. Takk for tankane.
      God helg vidare til deg også. Smil frå Elisabeth

      Slett
  2. Så viktige tanker du kommer med her! vi velger også ofte å skru på tvn i 20.30-tida, så står den på til vi går i seng. nå har vi bare de tre nrk-kanalene, så jeg føler ofte at det jeg ser gir meg noe, som et naturprogram, en debatt eller en god serie, som sherlock holms! jeg klarer ikke å følge med på serier, bare når Gunleik skal se, for da minner han meg på når det går. sitter ofte med håndarbeid samtidig med tv-tittinga, men skal jammen bli mer bevisst å skru av tvn og heller kose meg i stillheten. barna har egentlig aldri hatt det som vane å se barne-tv, vi har valgt å ha noen dager med litt tegnefilm på dvd i stedet, men nå etter jul har de vent seg til barne-tv, og jeg synes det egentlig er greit, så får jeg en rolig halvtime med A på puppen;) De ser aldri barnetv på morgenen, annet enn julaften og på hytta. morgentimene skal brukes til lek synes jeg, og de er jo fantastisk kreative når de er alene oppe og vi voksne slumrer videre! veldig interessant å lese om andres vaner og valg så det var fint du bragte det på bane! ha en god lørdagskveld videre:)

    klem mari

    SvarSlett
    Svar
    1. åja Mari, -det er så utvidane og interessant å lese korleis andre gjer sin val. For det er menneske som ofte inspirerar, tenkje eg. At å lese andre sine synspunkt og meiningar om tema som opptar ein, -opnar opp. Likar korleis de vel å ikkje sjå fjernsyn om morgonen, at ungane finn sin eigen rytme i huset. At dei er i det som er sitt medan de vaksne sover. -så heldige dei er som er tre.

      Og det er alltid så kjekt at du svarar, at du besøkar og gir av di tid.

      God laurdagskveld til deg.

      Smil frå Elisabeth

      Slett