![]() |
Tidlegare i sommar inviterte me gruppa i barnehagen som Anna Margrete går i heim til oss. Me serverte epledrikk i små fine glas, måla på steinar som me fann og baka pizza ute og steikte den i grillen. |
![]() |
Pizza blei stor suksess, har fekk alle velga frå små skåler kva ein ynskja å ha på den. Mange gjekk for pizza margarita. Ein klassikar, ein slager rundt dette bordet med finingar. |
![]() |
Det var så kjekt, og så travelt å visa fram alt som måtte visas fram. Besøket reiste og det var ikkje anna å gjera enn å ta seg ein kvil. Veldig kjekt og god opplevelse. Som anbefalast på det varmaste. |
Åh, dette såg berre ubegripelig koselig ut :) I barnehagen til mi lille store Selma 3 år er det ganske vanlig at heile barnehagen blir invitert heim på bursdagsfeiring i barnehagetida -17 barn og 4 ansatte. Fullt hus og stormande jubel, samtidig som det blir ei deilig ro over det! Så utrulig stas for ungane å få vise fram sitt "heimeliv" til alle barnehagevenene :) Selma (og forsåvidt vi voksne òg) fryda oss over alle små nysgjerrige og urforskande småtrolla som var her -og så tok vi oss ein real kvil etterpå ;) Likte veldig godt tanken på å gjere det igjen, heilt uten bursdagsfokuset. Takk for god idé!
SvarSlettÅ, det er dette som er så bra med sommar! Å laga mat og eta han ute! Duken var kjempefin, forresten:-)
SvarSlett