lørdag 6. oktober 2012

Graskar.

Her på garden veks det graskar.
Dei er store og dei veks stort.
Så me har hatt graskar litt i fokus i middagen.
Graskarsuppe i to variantar, woka graskar og i potetstappa.
Godt.

Anna Margrete var sjølvsagt med når me henta heim
eit stort gult graskar.

Denne dialogen var i mellom oss ein dag:
"Mamma likar te?"
"Ja det gjer eg" avarar eg
"Far likar kaffi,
eg likar melk" fortel ho vidare.
Og dette er det som skal til for at mitt mammahjerta mjuknar.
Ho ser så godt,
ho ser det ulike i mennesket.

God helg gode leserar,
det varmar så godt med tilbakemeldingane de gir.

1 kommentar:

  1. Så flink du er til å nytta sessongens frukt og grønnt :) ønsker deg ei god helg ;)

    SvarSlett