Om to dagar kjem desse nevane til å varma Anna og eg.
Dei tilhøyre Besto mi,
og dei er kanskje dei varmaste nevane
eg kjenner.
For sju dagar sidan,
feira me 17 mai-(Ja, vi elsker!),
inne i heimen,
all stasen med nystrøkne skjorter og dampa forkle hang så fint på vent,
men jenta vår,
den finaste jenta var var
febersjuk.
Ho var på våre fang.
Me fekk besøk.
Av ei fin ei, ho kom med smil og var i timar.
For ni dagar sidan satt med alle tre rundt dette bordet. Familielangbord i eit raudt hus på ei øy.
Eg har ein kjærleik for øyer.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar