søndag 20. juni 2010

*Agatunet*


-ein Europeiske landsbyen i norsk versjon.
Agatunet er eit av dei få bevarte klyngetuna som me hadde så mange av i Noreg i tidlegare tider, eit eineståande døme på vestnorsk byggjeskikk frå mellomalderen og fram til i dag. 30 av bygningane vart freda i samband med jordskiftet i 1938. Det har truleg budd folk her i over 3700 år. Det finst fornminne både i og utanfor tunet, som til dømes gravhaugar, offergroper og helleristingar.


Om du ein dag reiser ut langs Sørfjorden på vestsida, kan du kanskje stoppa på Agatunet. Og sjå dette:



Og eta vaffelhjerter med plommesylta frå hagen:


oppleve maleri mellomanna av kunstnaren Jorunn Hanto-Haugse:

gå på desse golva:

og rusle rundt her med is i neven:

GOD SOMMAR GODTFOLK!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar