tirsdag 21. februar 2012

Trondheim historiar:


Trondheim historiar:

Champange på rommet i overasking til verdas finaste 30 åring.
Me skålar for dei vakre åra,
30!
-og gler oss over dei!
Hipp Hurra for at det kjem år!
Byen er ny, det er fredag og klokka er berre 12:00!
Og me er gode gode venner!

Kjenner at det er godt!
At det gjer godt!
-og at dette er noko eg burde legge inn oftare.
Bobler midt på dagen!
Sjølvportrett i speglen på rommet.
det er gjer også godt å gå i nye gater
kjenne frosten i kinna og drikke vin ute,
  i ein sofa,
i lag med Kjersti,
og stifte bekjentskap til ein som sett
 litteraturen høgare
pynte oss for å feire
fleire år!!
oppleve å ha timar etter timar i lag,
utan kvardagen sin sirkel
Trondheim by:
Du er vinternydeleg.











mandag 20. februar 2012



søndag 19. februar 2012

Ho vil ha alle med!


Det har vore karneval i barnehagen.
Og den dagen vakna Anna opp,
bestemt.
Ho skulle så absolutt ikkje vera,
noko gullfisk inspirert jenta.
Den tida det tok å ta dette bilde,
er den tida Anna har gitt kostymet sitt.
Som ho og eg tidlegare i veka laga i lag.

Anna
eller Anna Margrete som er hennar heile navn
er blitt ei felleskapets jente,
 ho vil ha Alle med.
Ho kjem i ulike høve å henta meg og andre til boklesning, til å sjå ut vindauge,
til det så opptar ho.
Om me er fleire enn ho og eg, så seier ho: Alle!
Ho vil ha alle med!

Også kom laurdagen, og natta inn til laurdagen.
Var ei god natt, vaken.
Vaken og glad på thaimat og raudvin og fine folk!
Laurdagen var dagen kor Anna åt is til frukostdessert inne i teltet sitt.
Her i teltet trives ho best med besøk.
Dørene er opne og jenta viser fort veg.
og boller,
laurdagsboller med sjokolade,
og besøk av denne fine jenta,
Nora
som her hoppar for meg:




Nora kom i lag med gjengen sin, badekaret blei fylt, bollefatet blei tomt,
den blå time blei mørkare, lyset gullare og samtalen var i fokus.

Nå er det søndagskveld.
Me er i byen.
Bergen.
I morgon startar me på måndag att,
sånn er det.

Du?

fredag 17. februar 2012

Det kom ein lengt over meg.


Det kom ein lengt over meg,
mot sommar og grønt gras,
mot å kjenna huda når ein går inn i ein kald fjord,
om mindre kler
og
tid under eit gammalt epletre.
mot piknikk
og kanskje litt kaffi.

Men det er jo februar og fastelaven!
I kveld er eg så heldig av å få vera gjest,
kor vertinna  er frå Thailand og ein mester på kjøkenet!
JIPPI.

Sånn såg denne helga ut i fjor.
På garden,

God helg Godt Folk!

torsdag 16. februar 2012

.Love is all you need.

.

onsdag 15. februar 2012

Dette.

Dette er Kjersti.
Ho er ei av dei vakraste eg kjenner.

Du møter ho også her.

Ho er vidunderlig i samtalen,
om
mennesket

og
å vera i lag med
i fleire dagar
på tur

ut vindauge,
ser eg dette.

Trondheimby:
eg kjenner at eg likar deg svært godt!

mandag 13. februar 2012

Klokka er nesten 12.

Det er laurdag,
ute er det lett snø, av og til sol,
 klokka er nesten 12.
Kjersti drikk champange
og
eg fotograferar
oss.

onsdag 8. februar 2012

Eg likar!

Det er vidunderlig å tenke på at i morgon på denne tid er eg i Trondheim!
-i lag med 3 vidunderlege!!
3 netter på hotell i nesten ny by.
Dagar som er opne for nyting,
på høgt nivå.

Eg likar!

Fargeval med pippi i tankane.

Anna.
Sjølvsagt den vakraste,
eg veit.

-i nystrikka genser,
strikka av meg
mitt fyrste strikkeprosjekt,
sidan sjal i typ ungdomskulen!
-er strålande fornøyd, og iveren har sat seg.
Genseren vart strikka til barnehagebruk, den er veldig lett,
 i tynt ull.
Fargeval med pippi i tankane.

God Tirsdag Godt Folk!


mandag 6. februar 2012

i helgo:

var eg på garden og der baka eg

og hadde fine måltider i lag med fine mennesker

strikka og det var heilt stille rundt meg

drakk vin i lag med gode Linn,
me snakka om språk,
 -om korleis ein finn sit språk,
i forhold til dei ein lever tett i lag med,
for å kunne sjå kvarandre tydlegare.

Nå i byen att, og ute er det snø.

Tusen Takk for fine Trondheim tips!
-me reiser til helgo.
Ultra Stas.

onsdag 1. februar 2012

Snart feirar me i boblerus og lattersus i Trondheim! ♥

Verdas Finaste Kjersti er i dag 30 vakre år!
HiPP HiPP HURRA for Kjersti mi.

♥


Heldige meg som har ho,
så nær.

♥


Snart feirar me i boblerus og lattersus i Trondheim!

Har du nokre ultra fine Trondheim tips,
til oss?

mandag 30. januar 2012

Inne i begge er det varm sjokolade.

Anna.
Eg er Svært Stolt over ho.
At ho er her
hos
meg
hos
oss

Søndagstur i sol. Kvar vår termos. Anna sin er ny og med prikkar. Inne i begge er det varm sjokolade.
Me er ute heilt til det ikkje er sol lenger,
så godt å komme inne,
etter å ha vore ute å også hatt det godt.

God veke til deg!

fredag 27. januar 2012

1. Ute er det kaldt, men ingen regn

God Helg Godt Folk!
Eg stemmer for at du gjer noko ekstra godt for deg sjølv!

-det skal eg.
1. Ute er det kaldt, men ingen regn
2. Vin er komt i hus, i lag med god ost
3. Eg har godt selskap, som vinen skal nytast i lag med.
4. Det er fredag, og veka har vore fin og travel
5. Tullipanar på bordet. Lilla.
6. Kako til frukost i morgon. Anna har ny termos.
7. Anna har tre nye ord: Anna, tutt og kakao.
STAS.

torsdag 26. januar 2012

Anna er god på gi klemmar.

Anna er god på gi klemmar.
Anna er god på å få klemmar.

onsdag 25. januar 2012

Hei! Dette er Bjørnar ♥

Hei!
Dette er Bjørnar.

Navnet hans ligg så fint i tre generasjonar:
morfar: Bjørn
onkel: Leif Bjørnar
og her,
hjerteguten:
Bjørnar

-om du ein dag kjem på besøk i det kvite huset,
som Bjørnar bur i,
viser han nok deg rommet sitt.
Der har han bøkene sine,
og ein kommoden.
På kommoden kan han sitje å speide ut over bygda si.
I lag med løva, elefanten og krokodilen.
Her nå,
 og i bøkene.


♥



God Kveld i Stova di.