tirsdag 24. januar 2012

lunsj.

Lunsj.
Kva lagar du deg til lunsj?

mandag 23. januar 2012

♥ Tid til Kvarandre ♥

Det har vore helg,
 og denne fine fine gjengen,
 opnar dørene
og inviterar oss,
Anna og eg
inn i
varmen

Anna møter Villemo
Villemo møter Anna

saman er dei
 tigerjenter,
finejenter,
sintejenter.
godjenter
og
heile tida
Diamantjenter

Det er blitt laga måltider,
dei beste måltider
kor hovudingrediensen
er tid og kjærleik.
Ete av dei finaste servise,

med duk på bordet,
laga av ho som knytter oss saman.
Besto.

Og denne fine jenta.
Som alltid kjem og gir av si
tid
og sin
varme,
og
styrke.


Me vernar samman om det som er godt
me er familie og venner,
3 søskenbarn
me har eit uskreve manifest
om å prioritera:
tid
til kvarandre

♥




søndag 22. januar 2012

Det er dagar kor eg og ofte Anna er så heldige å vera i omgivelsar kor det er mykje kjærleik.

Det er dagar kor eg og ofte Anna er så heldige å vera i omgivelsar kor det er mykje kjærleik,
og den er tydleg.
For den ligg tett i romma
og i møtet.
I desse omgivelsane, kor kjærleiken er tydeleg,
 kjenner eg på ei stor kraft,
som gir eit giv,
ei gleda
ein energi
til dagar som skal komme.
                                                            ♥

torsdag 19. januar 2012

I morgon tar Anna og eg båten

Dette er frå sist gong eg var på øya.
-der ein flott bukett av gode gode mennesker bur!
I morgon tar Anna og eg båten
for å besøke desse gode øymenneska att!
Det er så god med familie,
når ein har det så fint i lag som me har det.

Det blir Anna sitt fyrste møte med Villemo,
mitt andre.
Det er veldig stort,
att ho er her.
Du kan sjå meir til Villemo HER

Også gler me oss til Mathilde,
Anna blei stor fan av Mathilde i sist møte,
for ho sprang fort i sølvskor!
Du kan sjå meir til Mathilde HER

Også er eg tilbake at i bloggverda, etter få dagar i tenkemodus.
Fine meldingar her og på sms,
gjer valet lettare.
Tusen Takk

                                                                               ♥

mandag 16. januar 2012

blogge?

I dag er det ein sånn dag,
 som eg undrar på om eg skal forsetje med å
blogge?

I kjølevatnet av debattar, tenkjer eg på det.
Kva tenkjer du?
Kvifor bloggar du? -om du bloggar?
Er det viktigt?





søndag 15. januar 2012

Dette er noko av det eg vil fylle 2012 med:




♥ vente på ferjer, i lag med verdas finaste reisefølge
♥ pynte meg
♥ vera i lag med gode venner.

Desse finingane,
kan du besøke her:
HER

♥ samle på fine stunder



♥ nyte varmen frå venner
 

Desse finingane kan du besøke her: 
HER

♥ ha blomar på kjøkenbordet,
eller der eg ønskje,
oftare.

♥ gå på nye vegar på nye stadar

♥ bruke meir tid på kunst

♥ sende fleire brev

♥ invitere mennesker som er gode å ha nær

♥ samle på kjærleik
♥ styrke ringen om det gode
♥ formidle meg sjølv som fotograf,
prøve å få fleire oppdrag!

Om du treng fotografiet,
ta kontakt: Elisabeth_emmerhoff@yahoo.no

♥ feire heilt nye mennesker


lørdag 14. januar 2012

God Helg Godt Folk!

God Helg Godt Folk!

Bildet er frå julafta.

fredag 13. januar 2012

Dette vakna eg opp til ein dag i det nye året.

Dette vakna eg opp til ein dag i det nye året.



Og dette blei eit av dei store høgdepunkta for Anna,
å gå julebukk,
nyttårsafta.
Den Store siste festen i året,
den dagen trippa jenta mi stolt avstad påført pippiparykk,
 og lys på hovudet i lag med gode venner.
Det blir sunget i stor iver,
 og alle vérs:
Nissen på låven!
Anna gav seg ikkje med denne ein turen,
for trettendedagjul,
som er den:
Store Julebukk dagen!
Den dagen bukkane kjem for å ta jula ut av huset,
for å samle i hop restar av søtsaker i sine vesker,
trappa ho opp att,
med sine bestevenner
Olav og Nora!
Tradisjonen ligg ikkje i bygda, men frå i år av, har den blitt det på vår gard,
med eit håp om at det sprer seg til nye hus og gardar.

Har du tradisjon om julebukk?

torsdag 12. januar 2012

og nevane til kvarandre.

Diamantgutar for meg!

Dei fine fine brødrene,

som drikk te,
har romma sine vedsida av kvarandre,
som kjenner lyden av måsar som skrik tett over fjorden,
lukta av nybaka boller med rørte jordbær
og
nevane til kvarandre.

onsdag 11. januar 2012

♥Anna♥

Dette er Anna.
Mi dotter Anna.


Ho er vidunderleg.
Heilt Fantastisk rett og slett.
Ho spring fort og seier desse orda:
mamma
far
traktor
baby
is
lys
jakka
hua
meir
bil
buss
hade

-også er
det håpet,
om at dette,
som er i mellom oss,
kjem til å forbli
i denne varme som er så god

                                                                                                       ♥

tirsdag 10. januar 2012

♥Verdas finaste Gaute♥

Dettte er Gaute.
Han er verdas finaste Gaute!
Han er 6 vintrar,
og her ser du han på dagen,
den dagen 5 blir 6



5 blir til 6
og
som vanleg
svevar Gaute litt høgare enn dei fleste
svevar høgare og ventar,
for klokka er 11:40,
om 20 minuttar


kjem det gjester.
Gaute sine Gjester!

Han venta dei, med heile seg!
For det er den beste dagen i året,
den dagen han får eitt heilt nytt tall.

Verdas
Beste
Gaute
♥







mandag 9. januar 2012

Godt å vera tilbake, her inne.

2012
Velkommen til oss!
-også her på bloggen!

Godt å vera tilbake,
her inne.


søndag 1. januar 2012

Godt Nyttår!

Godt Nyttår kjære lesar!
Ønskje om at du får eit 2012 med mykje varme!
Eg set så pris på ditt besøk her inne,
det er DU som gjer at bloggen er.

Nå har det vore og er stille dagar her inne, fram til 10 januar.
Det kjem av at eg er utan macen min,
alle bilda ligg framleis inne i eit minnekort.
Ser fram til å dela dei om ei god veke, når macen og eg er på samme stad.

Fram til då.

Ønskje eg deg gode dagar! -inn i det nye året.

Godklem frå Elisabeth

lørdag 24. desember 2011

God Jul!

Den store Dagen er her:

 God Jul!
Kjære lesar.

Klem frå Anna og Elisabeth

lørdag 17. desember 2011

Kjærleiken, Kunsten og sjølvaste Livet

Det finst heimar som er så gode,
att ein er nød til å vende tilbake inn i dei

-dette er ei slik god heim!

Det er ho som bur i heimen som er den Beste!
-ho er så god å krype
 opp i sofaen med,
 og drikke vin
over samtalen
om dei tre store:
Kjærleiken,  Kunsten og sjølvaste Livet

I heimen bur det også ein katt!
Han heiter Patsy.
Det kan ikkje bli lenge til eg er i desse romma att.
Akkurat nå kjennes det livsviktigt ut!

God Jul God Folk!