tirsdag 31. desember 2013
tirsdag 24. desember 2013
mandag 23. desember 2013
mandag 16. desember 2013
Tusen takk for fine kommentarar.
Tusen takk for fine kommentarar. Det varmar, kvar einaste ein. -det er dei som gjer at det rører seg, at det er rørsle. Du, TUSEN TAKK. |
søndag 15. desember 2013
Det er ventetid, her på garden er det ventetid på fleire måtar.
Det er ventetid, her på garden er det ventetid på fleire måtar. |
Eg skal att få oppleve å bli mamma, tenk at det kjem til å vera to, to som kaller meg mamma. To ulike småtroll å undre seg over. |
Strikkar litt, det går sakte. Mykje går sakte. Utanom Anna Margrete, ho rørar seg fort, -på så mange måtar |
Annabella og eg vil ofte kvila, sova litt. Vekse litt. |
Nokre dagar var rett og slett så fine, nå er det bare vegar att. Og meir mørke, det er også veldig fint. Ynskje mørketida lenger, sola snur snart |
Lagar julekort med eple- og potettrykk |
Denne jakka heng framme, ei gåve frå god venn og kollega. Kjenner meg heldig, nokon brukar av si tid på å varme vårt barn. |
Sjølvportrett i spegelen, det er eg som er husfotografen. Mange heimar har ein husfotograf, så dokumentasjonen kan gå føre seg som her, i spegelen. Di ventetid? |
Etiketter:
jul2013
lørdag 14. desember 2013
torsdag 12. desember 2013
Å vera den som opnar opp og tar i mot.
Å ha bursdag i tidleg desember, er noko eg likar svært godt. Det passar på ein eller anna måte så godt å inviterar gjester inn. I romma ligg det ekstra varme, som luktar av ved og kanskje røykelse. |
-det ligg jo også ein tydeleg sårbarhet i dette, -med å invitere inn. Vera vertinne. Den er der også til å kjenne på, å også sjå seg sjølv sånn, i den som opnar opp og tar i mot. |
Kva gjest fekk ei lita notatbok, til tankar om og i det nye året som kjem. Kva månad er din månad? |
tirsdag 10. desember 2013
Liv som varmar liv.
Etiketter:
jul2013
fredag 6. desember 2013
Viser meg verda.
Etiketter:
jul2013
Abonner på:
Innlegg (Atom)