onsdag 25. mai 2011

*Det skulle ha vore sommar*

Ute er det mykje som minnar om haust,
regnet slår på vindauga og me fyrar i ovnen.
Inne er det komt nytt skap.
Der står fargar som er
sommar og iskrem og kjolar
og svømma i fjorden.
Dette servisert frå farmor og farfar,
dei kjem også frå øy!
-og er ikkje lenger, her.
Men eg tenker på farmor mi,
når ho strekker kroppen ut i havet og svømmer,
på handskrifta hennar,
på dei raude skoa som er på fotografiet når ho står ved farfar si side og smiler.
Det skulle ha vore sommar,
me skulle hatt piknik og drukket kaffi i
små små sup
og snakkt om
kjærleik.




tirsdag 24. mai 2011

Eg har ein kjærleik for øyer.

Om to dagar kjem desse nevane til å varma Anna og eg.
Dei tilhøyre Besto mi,
og dei er kanskje dei varmaste nevane
eg kjenner.
For sju dagar sidan,
feira me 17 mai-(Ja, vi elsker!),
inne i heimen,
all stasen med nystrøkne skjorter og dampa forkle hang så fint på vent,
men jenta vår,
den finaste jenta var var
febersjuk.
Ho var på våre fang.
Me fekk besøk.
Av ei fin ei, ho kom med smil og var i timar.
For ni dagar sidan satt med alle tre rundt dette bordet. Familielangbord i eit raudt hus på ei øy.
Eg har ein kjærleik for øyer.

onsdag 18. mai 2011

*giveaway!*


Rosa+Eple sin fyrste giveaway,
den heldige får ein
"glad i" vase
laga av kunstnaren
Sarah Reed.
Her i huset er den til stor gleda,
akkurat perfekt til ein blome
eller
små små bukettar.

Reglane for å være med i giveawayen er som følgar:

* du tar ett lodd om du legg igjen ein kommentar på dette innlegget. du trenger ikkje ha eigen blogg for å delta, men då er det fint om du legg igjen ei e-post adressa, sånn at eg kan få tak i deg om du vinner!

*du tar to lodd om du legg deg til som følgar eller allereie er følgar av bloggen

*du tar tre lodd om du lager eit innlegg/linker til blogglotteriet

giweawayen starter no, til 1 juni. lukka til!

mandag 16. mai 2011

*Jenta vår 1 heilt Stort år*

mai 2011
mai 2010


lørdag 14. mai 2011

*mai*


14 mai,
og eg har alt baka mykje meir enn andre månadar.
Har frukosten for meg sjølv i kvar dagane,
nyt det.
Var ultra stas å laga bursdag for jenta vår.
Som i morgon er 1 år!
Ho, heile ho 1 år!
Magi.

Råvarene blir betre og betre.
Lykke.

Alltid mine finaste!!

fredag 13. mai 2011

*Kalas!*












Anna 1år + gode mennesker + supper&brød inne + latter + heimalaga eplasaft + blomar+ gatekunst + kake oppkalt etter Russisk danserinne og andre fristelsar + langbord i hagen + hytte under bordet
=
KalasLYkke

onsdag 11. mai 2011

*gode jorda vår*

Det blømer,
det er tusenvis av blomar rundt oss,
som eit kvit teppe om landskapet.

-det kjem moreller,
plommer
og epler i år også,
gode jorda vår!!
Innimellom alt som skal gjerast,
har han og eg pausar i lag,
kanskje når Anna her kvil, -som her.

tirsdag 10. mai 2011

*det som er utan tvil *


Det er så godt med det som ein opplever som 100% ærligt,
heilt ekte,
det som er utan tvil.

Anna etter bringebærsmootie.

torsdag 5. mai 2011

*Ho er søster og mitt søskenbarn*

Kristine er 15 og mitt søskenbarn.
Ho er berre så ufatteleg vakker inni og utanpå.

Ho kler seg i blomar og likar detaljar.

Ho bur på ei øy, ut mot havet.
Ho er søster,
til tre eldre gutar.
Ho ser veldig godt.
Mennesket.
Søskenbarn og tanter er vidunderligt!


Lyttar til "Riverside" Agnes Obel

Saknet mot London er der i dag også, det er Hackney i vår som freistar.

onsdag 4. mai 2011

*heim + Melissa Horn*



vasker strikkesettet ho ankom heimen si i, vår heim,
før fyrste gong,
-livet som då berre var dagar


-legg det i den finaste eska.

Lyttar til Melissa Horn.

tirsdag 3. mai 2011

*boller + Londonsakn*


Torsdagen etter påske laga eg boller fylt med vaniljekrem og inviterte farvorittar på ein liten torsdagettermiddagsfest.
Ho kom smådansane i nye sko med hjelp.
Festen tok stad i heimbygdo.

Servisett kom for lenge sidan til pappen mi si øy,
som ligg vest ut i havet,
heilt frå Amerika.
Minne for minnebanken er festen!
I dag her på garden:
vakna opp, seinare enn vanleg,
drømte om London,
til heimen som var min der,
til London i vår,
til Londons gater,
til London
og
dei fine fine menneska