![]() |
| Nødvendig og nydeleg Linn, mi gode veninne Linn. Mamma til Nora og Olav. Nora og Olav som du kanskje har møtt er her inne på bloggen tidlegare: som her. Samen drog Linn og eg i hop eit påskeprosjekt, som blei stor suksess. Påskeeggjakt for barn, kor barna blei kjørt ut i bygda i hengar på traktor, til ein frukthage kor trea er mange og fjellet står høgt. Egg blei jakta på i duskregn og traktordrønn og ivrigge små og store barneføtter. Etter velukka påskeeggjakt bar det tilbake i grendahuset for utloddning, sal av heimebakst og saft. Og danning av eit stort fellesmåleri, det var magisk å sjå kor ivrig, konsentrert og fokusert skaperane av måleriet var. Prosessen gjekk frå å vera figurativ til å bli abstrakt. Måleriet bere titelen: I lag. 47 barn deltok på arrangementet! Linn og eg glade. Etter opprydding, opna me champangeflaska og fniste og dansa oss inn i påsken. Medan dei aller vakraste var i svevnen. Det ligg ei stor drivkraft i meg, for barna, -og opplevinga og oppdaginga som ligg i kunsten. Har du noko som gir deg stor drivkraft? |
Viser innlegg med etiketten påsken 2012. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten påsken 2012. Vis alle innlegg
mandag 16. april 2012
For dei aller vakraste.
Etiketter:
påsken 2012
torsdag 12. april 2012
Det er viktigt for meg at Anna kjenner fjorden.
![]() |
| Det har vore påske, om me bestemte oss for å ha ein påske med tid til kvarandre i fokus. |
![]() |
| Dette er Nora, me likar å vera i lag med Nora. Denne dagen testa ho grenser med fjorden. -det resukterte i våte sko. |
![]() |
| Me måla på egg, me måla mykje med akrylmåling denne påsken. Om kvelden drakk me kanskje champange eller te. |
![]() |
| Fjorden fekk av skona til Nora, men kva gjer det når ein kan varma seg på ull, nybaka kringla og solobrus! -kvar påske drikk eg solobrus, så og sei aldri ellers. |
![]() |
| Olav viser fram målte egg. Han er stolt. |
![]() |
| -for kva skjer i det skapande menneske? |
![]() |
![]() |
| -det opnar iallefall opp til utviding, til konsentrasjon til oppdaging og til utforsking, |
![]() |
![]() |
| Det er viktigt for meg at Anna kjenner fjorden. At ho får ein bevist relasjon til den. Påsken var svært god. Du i din påske? Kva var ditt fokus? |
Etiketter:
påsken 2012
Abonner på:
Innlegg (Atom)










