Grytebrød. -har baka grytebrød i det siste, fine og grove. Det smakar utmerka og det er veldig enkelt, treng berre litt planlegging.
Grytebrød 300 gr hvetemel 125 gr speltmel (eg vekslar her mellom fint og grovt) 3,5 dl vatn 0,5 ts tørrgjær 2 ts salt Rør alt saman, til ein fuktig deig. La deigen heva under kjøkenhandkle i 12-24 timar. Sett ovnen på 240 grader, med gryte med lokk under oppvarminga. Slå deigen ut på kjøkenbenken, form deigen til eit rundt brød. La brødet kvila til ovnen er varm. Ta ut gryta, den er då svært varm, legg brødet oppi. Steik med lokk i 30 min, ta så av lokket og steik vidare i 15-20 min utan lokk.