søndag 20. november 2011

Halsnøy kloster + juletrefest

Dette er hovudbygningen på Halsnøy Kloster, og er frå ca 1100 talet -det seies å blitt grunnlagt av jarlen Erling Skakke i samanheng med at sonen Magnus Erlingsson blei krona til norsk konge.

Sånn var det då, men år og dag etter, i hundrevis av år etter,
 hadde me, min familie  tradisjonen om å ha juletrefest i dette lokalet!
-i minnet er denne dagen magisk,
alltid 4 dag jul,
 i den fyrste stova stort høg juletre med norske flag,
fin skor på inne, god mat som blir ete ved langbord
og latteren.
Alltid det store, gode høge latteren.

å alle menneska


som kjem til øya
frå by og bygd,
 for å vera i lag,

alt på grunn av desse:


besto og bessen! 
Fotografia er frå 2006.

Min gode besse er ikkje lenger,
 besto er!
 Svært vakker!

Har du tradisjon om juletrefest? Og korleis?
Å. fortell.

-tradisjonen om juletrefest 4 dag er framleis i vår familie, men ikkje i dette storslagne huset.
Kjenner at eg ønska det var.

TUSEN takk for fine og gode kommentarar på forje innlegg. Det varma og gir mykje!

fredag 18. november 2011

-det er jo du som gjer at bloggen er.

-ser at du er her inne, men du er stille. -kjenner nå at det også gjer meg stille, her på bloggen.

-det er jo du som gjer at bloggen er.
Det gjer meg glad,
at du besøkar!
Blir også glad om du seier: Hei!

-er det noko særskilt som bør få fokus?


Fotografiet er frå ein vårdag her i byen, nå er det år sidan. Framleis likar eg det godt.

tirsdag 15. november 2011

-du er vidunderlig!

Å sitje på kjøkenstolen til ei som har kjent meg heile livet, ei som alltid ha vore der, ei som suslar på i sitt kjøken, å kjenne på varmen og drikke kaffien som står klar på disken, å sjå kvardagsrutinar, høyre deira lydar, kjenne på den opne samtalen, å sjå at det er stort rom også for mi dotter, høyre sonen i huset komme heim som ein virvelvind av god energi

-det er den beste tirsdagen på lenge!
For me feira i dag denne gode gode jenta som  gjor vår tirsdag til den beste på lenge! Feiring er stas. Bilda er frå forje besøk me var på i denne heimen.

Catharina, du er vidunderlig!

er din tirsdag god?


onsdag 9. november 2011

Del 2: Kavalkade.

-det er januar 2011(ikkje 2010, som bildet seier): Anna er i denne månaden sjuk for fyrste gong.
Ho er nær, eg blir beskytter , -meir enn vanleg.
Me bur i "nytt" hus og ute er det vinter,
Malene kjem med Fiola inne i seg.
Det er også ein månad eg lengta mykje heim til barndomsbygda mi.
Me feirar han og vår fyrste morsdag!
Heklar, ser VM på ski, lagar loppemarknad og Anna -alltid Anna.
Går tur, reiser til heimbygdo og har fine gode besøk!
Lagar fastelavensøndagsfest!
40 boller og eplasaft og godt besøk!

Anna er,Anna visar fort kor stor ho er -utanpå,  Anna krabbar med krune

1 fantastisk år blir feira med sommarkalas!
sjå her: Kalas!
Fotografi er frå 13 juni, det er dagen Anna et sin fyrste is.
Ho lukka augo då, i eting av isen.
Reiser på tur med nokre av våre storefavorittar, det gjer godt!
Tilbakeblikk.
Anna et favoritt fasto sine  gode kaker for fyrste gong,
det gjer inntrykk.
Seinsommer.
Anna går sine fyrste steg på trampolinen til nabo,
det er stort
å sjå jenta si oppreist, sjølvstendig
og
i full fart på fram!
Det kjem gode besøk til oss.
Ei heilt spesiell, ho kjem med poesi til gards.





tirsdag 8. november 2011

Kavalkade: Anna, del 1



Ho gjer livet mitt vakrare, vansklegare, større, mindre og mykje betre!

Det er magisk!
-det at ho kom
og er.

♥






mandag 7. november 2011

Eg heiar i dag på: jenter med kul på magen!

April 2008: Bjørnar varmar seg framleis inne i mammo si.

 
September 2009: Jonas varmar seg inne i si mamma


Fotografia er tatt ein mnd før dei finegode gutane kjem ut i verda til oss. Det er mine
venniner som som her er to i sin kropp.
Det vakraste som er. Rein magi!
Kjenner meg stolt, med å sjå på fotografia.
Ved å sjå den sterke kroppen til desse to sterke jentene!

Er er så heldig å akkurat nå, vera i ein sirkel kor det er fleire som er to i ein!
Jenter som bere eit heilt nytt
menneske i seg!
Eg heiar i dag på: jenter med kul på magen!

søndag 6. november 2011

Anna.








Anna likar besto si
Anna likar fulgar

Me likar begge tid i lag med besto og bessen/mamma og pappa!

fredag 4. november 2011

Besøk.

Me har besøk!
Og det er og smakar Godt!
Veldig godt.

tirsdag 1. november 2011

idag: Familie

For meg er familie noko godt, noko som kan gi beskyttelse, noko som gir og treng varme, ein stad å komma, ein plass å kjenne at det også kan bli for tett, noko å kunne flykte inni og kanskje ut av, oppleve å finne god plass, ønske å ville springe ut av det som er gitt, ei gleda av å vera ein del av ein stor sirkel, oppleving av noko som er kjent, ein historie som eg er ein del av, men og å gi i arv det som ligg der, - det som ikkje alltid er så lett å handtere, det er og ein del av meg, av familien.
Familie er fyrst og fremst noko som gjer meg ufatteleg
 stolt!

Dokumentasjonen er ikkje heil, det er fleire som ikkje er tilstades, som bror Christian og ein fin bukett med søskenbarn!

Det er før Villemo, Anna, Ingeborg, Matilde og Victor.

Klikk på bildet for å sjå det enda større.


søndag 30. oktober 2011

Dei tre Store:



Dei tre Store:
*kjærleik
*mat
*søvn

Fotografia viser mi vennine Malene som mater si dotter Fiola ein måndagsettermiddag ved mitt kjøkenbord, sola kjem inn vindauge og lagar skuggar, Anna spring i dette rundt på golvet etter ein ball.

søndag 23. oktober 2011

Eg heiar lett på dei!

Ho som smiler på bildet inviterar til søndagsgraut, det gjer meg glad.
Invitasjonen + besøket

-det er nok min favoritt by!

det fine håret hennar og blomane og sløyfene på blusen



i trappeoppgongen heng ein kjole på veggen som helsar deg hei!
Anna et sikkert 7 smørauge under middagen, ho siktar dei ut, tek dei med neven og inn i munnen, ho synes det er fortreffeligt, det mjuke smøret.
Dei er gode inni og mine søskenbarn, desse fira jentene som var i våre timar denne søndagen!
Eg heiar lett på dei!

lørdag 22. oktober 2011

for det er så ufatteleg STORT.

Ho er det vakraste 

som

er
-for oss-

Det å bli mamma,
det å vera mamma,
er så stort,
att det av og til er som om det vil
øydelegge meg

for det er så ufatteleg
STORT.


fredag 21. oktober 2011

her behøver du ikkje å gå stille i dørane!


God helg godt folk! Ta det rommet du treng, her behøver du ikkje å gå stille i dørane!

onsdag 19. oktober 2011

Når det er ca midt på dagen er:

Anna trøtt.

mandag 17. oktober 2011

.det er godt å ha det godt.




.det er godt å ha det godt.



Gry! -til lukka kjære gode du.