Glimt frå dagar i februar. Alfred vår vil mest berre ligge tett tett inntil, kjenne varme, kjenne rørsle. Some dagar har det blitt for mykje gråt, for mykje for den litle fine gode kroppen. -det ser nå ut til å vera ei opning, at han skal få kvile seg meir.
Tenkje ofte på det Ingvar Moe skriv: "gleda er mest altfor stor til å bera"
-at i den linja ligg alt.
Når eg kjenner guten vår inntil meg, kjenner på krafta i at han er komen, at han er. -kan eg ofte tenkje: Eg ønske deg så sterkt, nå må eg klare å vera her for deg. Verne om. Gi. Beskytte. Fyrst og fremst med Kjærleik.
-det går så djup, det synker inn og ned og djupare og breiar, og veksande, tidvis eller nesten alltid for stort til å tenke lenge på:
eg er mamma til to.
Er du i desse tankane? Flyt dei i deg?
|
Varme fine ord om den viktigste oppgava <3
SvarSlett<3 Kjærlighet din vei herfra!!! Takk
SvarSlett