Lappetepper til nye fjordingar fødd i 2013 vest i Ullensvang herad. Me i Folgefonn husflidslag har hekla og strikka lappetepper til born som kjem til, her i dette året. Det er stort uansett kor eller kva det kjem nye små folk til. Men det er vel ikkje til å legge skjul på at her i utkant Noreg er det eit stort ynskje om at det kjem fleire til. At dette er eit ynskje som ligg i heile befolkninga. Så prosjektet var ein lyst å vera med på, alle så ivrige, så glade for å kunne gi noko som kunne varme dei små heilt nye sårbare kroppane.
Elles er det ei nerve i dagane som går til valet i morgon. Her på garden stemmer me for rettferdighet og miljø. |
Så koselig det må være å få et sånn flott teppe til den nyfødte :D
SvarSlettValget gikk vel ikke helt vår vei, men vi får holde ut og vente på neste mulighet.