![]() |
| Så i desse dagar er dette ein vidunderleg pause, gode folk og heimelaga skuleboller. Har du ein pause-favoritt for tida? |
torsdag 28. november 2013
Har du ein pause-favoritt for tida?
Etiketter:
Vinter2013
mandag 25. november 2013
Dekkar du ditt bord?
![]() |
| Også kjem helgene, her har Anna Margrete laga frukostselskap til dukka Lisa og seg sjølv. Rigar seg til, pyntar og utforskar maten. |
![]() |
| Fint. Ho likar også å gjere bordet fint før måltid. |
![]() |
| Eplesaft frå eigen gard. Svært lite kan måle seg med det. Sjølv om suget etter å fylle munnen med kraftig raudvin i lag med veninner tikkar innom tankerekka mi, sånn av og til. Dekkar du ditt bord? |
Etiketter:
Hausten2013
mandag 18. november 2013
Synes du november er ein god stad?
Etiketter:
Hausten2013,
ventetid
lørdag 16. november 2013
Drikk kaffi og ser inn i dette.
![]() |
| Sist helg hadde med finfint besøk. Min kjære bror med familie. Eg har ein bror, og han er veldig viktig for meg. Så på bilde: ein bukett fantasisk gjeng! |
![]() |
| Steiker lappar for å ete ute, mat som blir ete ute oppnår på ein måte nye dimensjonar. Det meste blir så mykje betre, stemninga, bålet, uterommet og ikkje minst tida i lag. |
![]() |
| Mi besta jenta i fjorlandskap. -i ull sjølvsagt. Genseren er strikka av mi tanta, og den brukte eg som lita. Framleis like fin. Stas. |
![]() |
| Og min kjære kokar kaffi, i ullgenser frå Island. Dette ullet har heilt spesielle eigenskapar, sidan det er så kraftigt held det også ute fuktigheit, og gir varme i store mengder. |
![]() |
| Det oppleves som lykke på mange måtar. |
![]() |
| Drikk kaffi og ser inn i dette. Håpar du har ein god laurdag! Er du ute i haustdagane? Er ull på kroppen viktig for deg? |
Etiketter:
Hausten2013
søndag 10. november 2013
24-timars ferie anbefalar eg på det varmaste.
![]() |
| Sist helg var me på ein 24-timars ferie, huset me budde i var over 100 år, høgt under taket og frittgåande sauer utanfor, og strikkasokkar inne. |
![]() |
| Å komme til varmt hus, bli servert var betasuppe, -er eit stykke god lykke. |
![]() |
| Me veks i lag, det heilt nye inne i meg og det som er mitt. |
![]() |
| Det er mange måtar å vise på at ein er glad. Hoppe i senga er ein. |
![]() |
| Hekle på senga er ein anna, i morgonlys med tekopp på nattbordet. |
Etiketter:
Hausten2013
mandag 4. november 2013
Det er det aller finaste eg kunne fortella akkurat nå.
![]() |
| Me er så heldige, som er blitt valgt på ny. At det veks inne i meg, at nokon er inne i meg og varmar seg. Veke 31. |
Etiketter:
kjærleik
mandag 28. oktober 2013
Så det gjer godt å veta at det er byar, som lever, -sine liv.
Etiketter:
Hausten2013
onsdag 23. oktober 2013
Eigaren av rommet kunne fort reisa seg i begeistring i møtet med sine eigne bamsar og dukker på nye eventyr.
Etiketter:
Hausten2013,
venskap
tirsdag 22. oktober 2013
Å vente på ein venn.
![]() |
| Å vente på venner, å speide etter nokon ein bryr seg om -er ei tid som inneber mykje |
![]() |
| Det meste er klart, Anna Margrete ventar. Ho ventar så godt, eg veit sjølv om forventningane rundt some møter, kor skjørt og ømfintleg det er, oss mennesker i mellom |
![]() |
![]() |
| Det er godt å vise fram til venner noko som ein mestrar i lag med sin eigen far |
Etiketter:
Hausten2013,
venskap
søndag 20. oktober 2013
Det er skattar me leitar i jorda etter. Og me fann!
![]() |
| Anna Margrete og eg laga oss eit prøveprosjekt tidlegare i vår: gulerøtter blei sådd. |
![]() |
| Det er skattar me leitar i jorda etter. Og me fann! Årets saga er til å undra seg over. |
Etiketter:
Hausten2013
mandag 14. oktober 2013
Fine greier.
![]() |
| Haust er tid med venner. Haust er det gode mørke, -som snik seg om oss om kveldane og snart om morgonane. Også fine greier. |
![]() |
| Tre grenerasjonar kvinner og ei venninne. -er i samarbeide om å lage dette. -til heldige oss, til vår stova. Besto, mamma, Linn og eg. Fine greier. Driv du på med noko fint? |
Etiketter:
Hausten2013
mandag 30. september 2013
Dette er Utne.
![]() |
| Dette er Utne. På Utne ligg Hardanger folkemuseum, dette museumet er ein liten skatt, som inneheld spannande lokale tradisjonar, kunnskap og opplevingar. Kulturarv. |
Etiketter:
Kunst og handverk
mandag 23. september 2013
Det å skape noko som vare, som blir til, for å varme.
![]() |
| Det er ofte her eg sitt, ein favoritt krok i mi eiga stova. Har du ein favorittkrok i din heim? |
Etiketter:
lappeteppe
fredag 20. september 2013
Lukta av eple. Lukta av haust.
![]() |
| Det er tydeleg haust her hos oss |
![]() |
| Eple i tonasje blir varsamt pitla ned frå trea og frakta ut til folket, kanskje til deg? |
![]() |
| Me jentene er også i haustmodus, laga eplasaft til middag |
![]() |
| et meir enn eitt eple om dagen, eple i så store mengde gir frå seg den beste lukta. Lukta av eple. Lukta av haust. |
Etiketter:
Hausten2013
søndag 15. september 2013
Bryllaupsommar.
Etiketter:
Fotografering,
kjærleik
Abonner på:
Innlegg (Atom)














































