søndag 30. oktober 2011

Dei tre Store:



Dei tre Store:
*kjærleik
*mat
*søvn

Fotografia viser mi vennine Malene som mater si dotter Fiola ein måndagsettermiddag ved mitt kjøkenbord, sola kjem inn vindauge og lagar skuggar, Anna spring i dette rundt på golvet etter ein ball.

søndag 23. oktober 2011

Eg heiar lett på dei!

Ho som smiler på bildet inviterar til søndagsgraut, det gjer meg glad.
Invitasjonen + besøket

-det er nok min favoritt by!

det fine håret hennar og blomane og sløyfene på blusen



i trappeoppgongen heng ein kjole på veggen som helsar deg hei!
Anna et sikkert 7 smørauge under middagen, ho siktar dei ut, tek dei med neven og inn i munnen, ho synes det er fortreffeligt, det mjuke smøret.
Dei er gode inni og mine søskenbarn, desse fira jentene som var i våre timar denne søndagen!
Eg heiar lett på dei!

lørdag 22. oktober 2011

for det er så ufatteleg STORT.

Ho er det vakraste 

som

er
-for oss-

Det å bli mamma,
det å vera mamma,
er så stort,
att det av og til er som om det vil
øydelegge meg

for det er så ufatteleg
STORT.


fredag 21. oktober 2011

her behøver du ikkje å gå stille i dørane!


God helg godt folk! Ta det rommet du treng, her behøver du ikkje å gå stille i dørane!

onsdag 19. oktober 2011

Når det er ca midt på dagen er:

Anna trøtt.

mandag 17. oktober 2011

.det er godt å ha det godt.




.det er godt å ha det godt.



Gry! -til lukka kjære gode du.

søndag 16. oktober 2011

Fjording favorittar!

Fjording favorittar

som går tur

pakkar ut teppe

grillar det som høver 

i sirkel

med varm sjokolade

i lag er ein god stad å vera!


God veka godt folk!

torsdag 6. oktober 2011

les bøker med ord som kjem i nytt rekkefølge

-det er ei som er,
som vandrar rundt i andre gater,
gater som ikkje ligg i mitt nabolag,
ho opnar dørar og går inn i rom som eg ikkje kjenner,
drikk kaffi av ukjente koppar,
les bøker med ord som kjem i nytt rekkefølge,
sjølv om gatene og koppane og bøkene ikkje er her,
så er ho her allikevel.
Sterkt.

Denne kom frå ho:
"Ting som virker"
Kim Hiorthøy

onsdag 28. september 2011

Frå måltidar som har tatt stad i godt selskap.








Dette er ein serie bilder av måltid som har tatt plass her i Bergen, i eit veldig godt selskap. 

søndag 25. september 2011

Fordi:

ho kjem inn i tankane når eg tenker på havet og for eg savnar stemma hennar og rørslene i fingarane når ho snakkar eller syng. Ho syng songar for meg, stille på ord eg ikkje kjenner, ho har synge songar i senga på toget i gongen. Ho trur på kjærleiken. Sterkt.

lørdag 24. september 2011

Anna likar:

-sølepyttar, fleecejakka si, joggeskor og brokkoli

plastilina, drømmehagen, matlaging og vatn
-vatn som i springen, i dusjen, i fjorden, i dammen utanfor huset, i regn og i bøtta som har stått ute i regn

is(is som dessert eller is som ein plutseleg berre et for det er så godt), tannkost med tannkrem til å suge av
og Bø&Bæ

klemmar og musikk med trommer
og
ho dansar med heile litle store kroppen sin



God laurdag i regn.

ka likar du?

torsdag 22. september 2011

I dag heiar eg litt på:










Dette er ein liten bilde kavalkade:
 om ein samla famile på fira,
 ein himla bra familie på fira!

 Mi oppleving er at mange familiar ikkje har bilder av gjengen samla, for nokon må vera det auga som ser inn.
Det var stas å sjå desse bilda i lag, så at tida går, sjå at me veks
framleis og kanskje
sterkare
mot
kvarandre.

I dag heiar eg litt på:
familien.



korleis og kva
 familie,
-det vel du sjølv

om du også heiar

tirsdag 13. september 2011

-det er slik som sitt att og utvidar.

Det er i ei stove på Cuba, eg er solbrent og det er dagen etter bursdagen min som er i desember, tven surrar i bakgrunn og det er ei lita jente på kanskje ni som tar bildet, ho bur i huset som me er i og neste dag går ho og eg på museum saman, hand i hand, med kroppen som vårt språk. -det er slik som sitt att og utvidar.

mandag 12. september 2011

.

.

søndag 11. september 2011

Det er søndag.






Det er søndag og haust og dette er bilder frå dagar som alt har vore,
nå sover Anna og det er stille i tunet.