mandag 8. august 2011

å drikke vin i lag i små sup med utsyn over fjordlanskap som mørket fell over og det er tidleg i august







Det er lykke
-å ha besøk av god veninne frå studietida,
som har med seg sin fine familie,
 -å sjå at Anna og Jonas nyt kvarandre, att latteren ligg høgt
-å snakke om kunst og kjærleik
-å drikke vin i lag i små sup med utsyn over fjordlanskap som mørket fell over og det er tidleg i august
-å vera trøtte, men glade saman
-å vera stolte i lag, over å ha kver vår familie på tre og med så mykje godt i vente

Takk for at dåko kom!


onsdag 3. august 2011

*ettermiddag i sol*





Ettermiddag i sol
med godt og fint besøk!

♡

tirsdag 2. august 2011

Anna har ei fasto som er veldig god på å gjer natur om til kultur i form av kaker!

Anna har ei fasto som er veldig god på å gjer natur om til kultur i form av kaker!
Ingen eg kjenner kan kaker som denne flotte fasto til Anna vår.
Me kjem på overaskelsetur, det er stor sol og mykje virkar lettera enn vanleg, gardina i stova flagrar med den lette sommarvinden som kjem inn dei opne dørene, det er latter og nesten frittgåande høns og kake med blåbær.
Han lånar  litle broren sin gassballong,
sjølv har han alt mista to,
men han er framleis glad
-for det var jo i går,
han mista gassballongen sin
Det kjem så mykje godt på bordet, laga av gode nevar.
Her to fine gutar, som ventar

på å smake 

mandag 1. august 2011

Beautiful Beate!

Dette er Beate!
Dette er Beate som tilbringer sommardagar i hennar farmors barndomsland,
og som eg kjenner eg møter godt
i stunda av fotograferinga.

Beautiful Beate!

søndag 31. juli 2011

-desse små gode nevane omkvarandre, på kvarandre

Det er nå søndag og kveld, det har og er helg, eg sit her på garden så glad for menneska eg har rundt meg og oss, så glad for vennskap som har vokse fram over år, som eg kjenner blir sterkare, modigare og stoltare
-i og av,
det er vidunderligt.
Det blei ei helg proppa fyll av sommarlykke!

-om du har handkle rundt din hals, kan du ver supermann!

-om du har sterke never rundt din kropp kan du kjenne deg trygg,
litle bror trygg.

-desse små gode nevane omkvarandre, på kvarandre

desse fine menneska,
våre favorittar,
sein middag i kveldsol




-på besøk hos dyr
lagar pimms i kjole
Nyt reker og kvitvin i sol.

fredag 29. juli 2011

 Når sola kjem, eller nesten kjem,
vil me berre vera ute.
Anna vil faktisk ikkje mykje anna enn å vera ute,
så me er ute.
Fint.

det var laurdag, og eg likar laurdagsgraut,
her med veldig fine gjester.


Ho elskar jordbær
og
ho elskar å sitja oppå bordet.

Ho er her,
ingen anna stad.
Ho viser meg så uendeleg mykje.

Også er ho fan av trappemåltider,
eller kanskje utemåldtider generelt.
I dag pakker me korga
og bagen, me reiser på feriehelg med nokon av dei finaste!

Har du planar for di helg?
Nå som det er høgsommar.


♡

torsdag 28. juli 2011

-dette gjer det lettare å puste.




Nå når dagane har vore så tunge, så vonde med alle tankane om kor ufatteleg det er,
alt kva ein person kan vera i stand til.

Så er det så uendelg godt å ha ein 15 åring i hus,
(i lag med ei fantastisk Anna med sine 14 månadar som utforsker verda, fort fort)
ei som står ved sida mi når me tenner faklar ved vegen og ber høgare makter om kjærleik til dei som står at,
til dei som har mista,
det som er umisteleg.

Å ha ei som krøller seg på sofaen i huset og ønsker at noko
må
skje,
for så å jogga oppover og ned og inn i fjorden,
-å strekka kroppen ut i fjorden,
rusla heim i vått undertøy,
laga vegitarsushi
som min 15 åring ikkje tok inn på sin Topp ti av favoritt måltid.

Her dans blant epletre.

dette gjer det lettare å puste.

så mykje vondt-

Det har vore stille, det har skjedd så mykje vondt, så mykje trist, så ufattelig tragisk.
Det er vanskeleg med ord.



Life changes fast. Life changes in the instant. You sit down to dinner and life as you know it ends." Joan Didion

torsdag 21. juli 2011

Det er så godt å veta at dei er -


Det er høgsommar og eg møter Selma for fyrste gong, ho er min venn si dotter, eg kjem ned til stranda ved huset,
Selma er vaken når eg kjem, ho har vore vaken i fleire timar, ho er vakker. Det er varmt i lufta, det er sjø mot land, det er små blomar og eitt kvit teppe strikka av ei bestemor for lenge sidan, det er sommardag og eg kjem for å fotografera, dei er så fine!
 Det er så godt å veta at dei er -

tirsdag 19. juli 2011

♥Villemo♥

Det er komen ein heilt ny jenta til verda,
ho heiter Villemo
og er nå to dagar
Ho bur på øy og ho er heilt ny,
ho kjenner mammaen sin sitt hjerteslag,


ho er heilt ny

Me her på garden gler oss så stort over Villemo.
At ho er

at ho er komen til oss,
her

Snart ein dag, er det tre små jenter
i eit bilde som kan ligne på dette

♥

søndag 17. juli 2011

To heile store år!

Denna finingen er blitt to heile store år og inviterar til fest.
og han likar båtar,
spesielt godt.
i vindukarmen finn du dette fine her. 


Storesøster og kjolefin.
Ho samlar på kjolar og er god på paradis.






Anna er gjest,
ho velger jordbær i stadenfor kake.

Gode avskjedar,
kan gjera så uendelig godt.

♡