torsdag 19. august 2010

Sommarbord




Desse borda er nokre av borda eg har hatt ein stol rundt i sommar.

tirsdag 20. juli 2010

*ferie02*



Me reiser fyrste gong på ferie som ein gjeng. Det er stas. Bilen var overlasta, målet var nabo kommunen Kvinnherad - Rosendal, heilt perfekt for oss.

Leigt hus frå 1850 med både platespelar og kassetspelar.
Me surra Dirty Dancing ein kveld det regna.


Frukostdessert.


I morgon reiser jento og eg på øyhopping i Sunnhordland, fint fint!

mandag 19. juli 2010

*ferie*


-han og eg kan ferie
i lag-

fredag 9. juli 2010

*fotografering?*

Om du eller nokon du kjenner,
treng fotograf til ein viktig dag,
så tar eg oppdrag!
Berre ta kontakt! email: elisabeth_emmerhoff@yahoo.no

*barndomsheimen*



Har hatt dagar i barndomsheimen: litla jento og eg.
Det er ein så god plass å vera, me nyt rett og slett sommardagane.
Et lange frukostar, går på det lokala bakeriet.
Har møter med samtalar som er viktige.
Sover meir enn andre stadar.
Og alle orda.
Og sommarkjærleiken!


fredag 2. juli 2010

*besøk*


-me har hatt besøk som bannar og visar fing om det trengs,
-herligt!!

tirsdag 29. juni 2010

*søndagmorgon*

mandag 28. juni 2010

*koppar*


-har dillo på koppar!

i tre juler har mammo fått eitt kunstverk av ein kopp av meg,
her er to av dei.
(kjøpt på Format i Oslo, husker ikkje kven som har laga dei
-hmm dårleg! )

Mine venner får ofte kopper i gåver, sånn er det berre.
Avhengig av form og farge laga for nyting av te og kaffi.

Her på garden: han kaffi, eg te

Trykket over er laga av kunstnaren Knut Jespersen

søndag 27. juni 2010

*ho*

-for oss er ho det vakraste-


i går var det fest i bygda, flotte festpynta mennesker i feiring!

fredag 25. juni 2010

*utetimar*


-inviterar jenter,
lagar piknik i hagen-

torsdag 24. juni 2010

*2*

mi dotter + mi mamma

tirsdag 22. juni 2010

*smak*


Dette likar me:
mango
vannmelon
yoghurt natruell
valnøter og honning.

Også har det vore så godt besøk her på garden. Deira energi ligg enda så fint her i veggane.

søndag 20. juni 2010

*Agatunet*


-ein Europeiske landsbyen i norsk versjon.
Agatunet er eit av dei få bevarte klyngetuna som me hadde så mange av i Noreg i tidlegare tider, eit eineståande døme på vestnorsk byggjeskikk frå mellomalderen og fram til i dag. 30 av bygningane vart freda i samband med jordskiftet i 1938. Det har truleg budd folk her i over 3700 år. Det finst fornminne både i og utanfor tunet, som til dømes gravhaugar, offergroper og helleristingar.


Om du ein dag reiser ut langs Sørfjorden på vestsida, kan du kanskje stoppa på Agatunet. Og sjå dette:



Og eta vaffelhjerter med plommesylta frå hagen:


oppleve maleri mellomanna av kunstnaren Jorunn Hanto-Haugse:

gå på desse golva:

og rusle rundt her med is i neven:

GOD SOMMAR GODTFOLK!


torsdag 17. juni 2010

*Svevn*


-finn dette lyset i rommet når morgonen kjem,
me er i min barndomsheim,
ho søv i senga som oldebessen hennar har laga,
ho søv der hennar grandtanter og grandonklar og besto og onkel og eg har sove-

torsdag 10. juni 2010

*måsasus og barndomsheim*

Litla jento og eg her feriedagar i den fina heimbygdo.
Dette er noko av det som fyller våre fyrste sommardagar:
*lyttar, ser, nyt og snakkar med kvarandre jento og eg
*sitt timar i lag med dei finaste veninnene
*drikk morgonte i sengo med mammo
*trillar tur med ny kunnskap om at ho litla nyt det
*legg neglelakk med farge av koral
*fotograferar lyset i natto
*ligg i badekaret med oljer
*et frukost på trappa
*snakkar med naboen
*les magasiner
kva er i dine første sommardagar?