For ein månads tid sidan, var eg så heldig å få fotografera denna litle fine krabaten. Det er litt magisk å komma inn i ein heim kor det bur eit lite menneske, kjenner det på lukta med ein gong ein stig inn. Ei søt mjuk lukt kjem i mot ein.
Mammo hadde baka rundstykke og brownies, tatt opp heimalaga eplasaft frå frysen og sola kom inn vindauga. Det var ein måndag, ein veldig god måndag.